Fine fjellskiturar i Jotunheimen
Det er lite som slår vårskiturar med varm sol og mjuk snø i høgfjellet. Randorevolusjonen har satt fjellskia litt i skuggen, men på dagar når høgdeforskjellen er låg, kilometrane mange og føret er skarpt, er fjellski med mjuke skinnsko både lettvektig og stødig turutstyr.
I Jotunheimen finn du fjellski-terreng som passar både nybyrjarar, drevne fjellskientusiastar og barnefamiliar - anten du vel å gå for dei høge toppane eller slake vidder og langstrekte dalar. Visste du at mange av toppturane i Jotunheimen òg er flotte fjellskiturar?
Dessutan ligg forholda godt til rette for å kombinere hytte-til-hytte-turar med topptur. Med fjellski på føtene har du mange moglegheiter i høgfjellet, anten du vil på fjellskitur i preparerte skispor, over snødekte vidder og brear, eller opp til ein topp for å suse ned att på laus hæl.
Om du er uerfaren, eller ikkje har tid til å planlegge detaljane for turen din, har vi mange dyktige guidar som kan ta deg med syne deg fjellski-perlene i Jotunheimen.
Kva er fjellski?
Medan langrennsski egnar seg i preparerte løyper og toppturutstyr er best når du skal gå opp på eit fjell og køyre ned att, er fjellski laga for det vi tenkjer på som den opphavelege bruken av ski, nemleg å ta seg effektivt fram i snødekt terreng, i upreparert snø av alle slag. Nokon typar fjellski kan nyttast i løypenett og skuterspor, medan andre fjellskimodellar er enklare å svinge med og orientert mot telemarkkøyring og topptur.
Fjellskia er generelt stødigare enn langrennsski - da dei er breiare og har stålkantar, og lettare enn toppturski. Dei er dessutan skapt for god framdrift - slik at du enklare kan bevege deg framover over ei lengre strekning, kanskje med pulk eller sekk på ryggen. På høgfjellet bruker ein gjerne heil-eller halvfeller under skia, for feste. Desse riv ein enkelt av om ein har gått opp i bratt terreng, og skal køyre ned att.
Jotunheimen, Gjendealpene og Sognefjellet byr på suverent fjellskiterreng. Vil du på fjellskitur, finn du inspirasjon og konkrete turforslag under: