For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Galdhøpiggen frå Leirvassbu - klassisk fjellskitur (2469 m.o.h.)

TypeTopptur vinter

Leirdalsvegen, 2687, Bøverdalen

+4761212990

Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Turen frå turisthytta Leirvassbu til Galdhøpiggen vert av mange sett på som vakraste fjellskituren landet kan by på. Her kryssar du ein rekkje brear omkransa av høge tinder, og ender opp på Norges høgaste fjell!

Beste utgangspunkt: Leirvassbu turisthytte
Antall høgdemeter totalt: Ca. 2300 høgdemeter
Turlengde: 11 – 13 timer tur-retur
Ver obs på: Bratt opp Porten (renne mellom Galdhøpiggen og nabotoppen Veslepiggen). Isøks og stegjern kan kome godt med.
Utstyr: Normalt toppturutstyr + isøks, stegjern. Bre- og sikringsutstyr må vurderes.
Anbefalt skiutstyr: Fjellski eller randonnée
Vanskelighetsvurdering:
Opp: Krevende
Ned: Krevende
Vegval: Vurderings- og navigasjonskrevende
Brattaste parti: Ca. 40° mellom Storjuvbrean og Porten

Frå Leirvassbu fylger du kvista løype gjennom Visdalen til omlag 1300 meters høgde. Frå her skrår du oppover i retning Bukkeholsbrean. Bukkeholsbrean er best å gå på høgre side oppover for å unngå den brattaste og mest oppsprukne delen. Når du har kome opp på breplatået siktar du deg inn på Bukkeholsbandet og kryssar dette ut på Tverråbrean. Deretter legg du kursen over Nedre Tverråbandet, noko som er eit betre og sikrare alternativ enn det øvre.

Frå Nedre Tverråbandet gjev du deg inn på Nørdre Illåbrean, og fylger denne i nordleg retning til du kjem til den bratte bakken opp til Illåbandet. Denne er totalt ca. 200 høgdemeter og oppimot 30 grader på det bratteste, så avhengig av snøforhalda kan det tidvis/stedvis vera behov for å bera skia på sekken. Kryss Storjuvbrean i retning Porten, som er ei smal, vestvendte renne mellom Galdhøpiggen og nabotoppen Veslepiggen (2369 moh.).

Opp til Porten er det oppimot 40 grader bratt, så normalt må skia berast på sekken. Mange føretrekkjer her stegjern og isøks. Når Porten er passert kjem du over på Styggebrean og fylger denne eit par kilometer til du kommer til ryggen aust for Galdhøpiggen sitt toppunkt. Ryggen i seg sjølv er enkel å fylge til topps, men tidvis kan den vera avblåst, så avhengig av snøforhalda kan det vera behov for å gå til fots. Primært same veg attende, men det finst fleire alternative ruteval. Har du tid og krefter til overs på returen er eit besøk oppom Vakkerbandet eit alternativ som kan tilråast.

Trygg på bre? Både oppstigninga på Styggbrean og nedkøyringa på Storjuvbrean går på brear som kan ha sprekker. Breutstyr er difor nødvendig. Få med deg ein guide dersom du ikkje har nødvendig kunnskap og ferdigheiter, og likevel vil ha ein trygg tur! 

 

Kart

Veibeskrivelse

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.

Sjå meir

Leirvassbu | Turisthytte DNT, LomLeirvassbu fjellstue ligg idyllisk til ved Leirvatnet på 1400 meter over havet, og er eit ypperleg utgangspunkt for fjellvandring, toppturar, breturar, brekurs, matkurs, vårskiløping, klatring og fisking i fjellvatna.

Group on a glacier hike on BøverbreenAktiv i Lom | Aktivitetar og guiding i Lom og Jotunheimen, LomAktiv i Lom er eit aktivitets- og guideselskap med base i Lom i Jotunheimen, og tilbyr guida turar og aktivitetar med lokalkjente førarar.

Galdhøpiggen_Ove NestvoldGaldhøpiggen | Guida tur frå Juvasshytta, LomJuvasshytta ligg 1850 m.o.h., og er eit naturleg utgangspunkt for turar til Noregs høgaste fjell – i guida taulag. I sommarsesongen er det daglege guida turar til topps.

Ski mountaineering in JotunheimenFyrst og Fremst | Guiding og aktivitetar i Lom og Jotunheimen, LomFyrst og Fremst er eit guide- og aktivitetsselskap med base i Lom og Jotunheimen. Tilbyr breturar, ulike kurs, toppturar på ski og Galdhøpiggen sommar og vinter.

500 fjell | Fjellføring og kurs, SkjåkHar du ein bratt og luftig draum? 500fjell tilbyr fjellføring og kurs både sommar og vinter, og hjelper deg til å finne dei finaste toppane og den beste snøen.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no