I Lom og Jotunheimen finn du eit rikt utval av overnattingsstader som har lang tradisjon i å ta vare på kresne og eventyrlystne fjellturistar – anten dei ynskjer seg til tindene i Jotunheimen eller søkjer lun atmosfære for fred og ro.
På mange hotell og serveringstadar har gamle våningshus og driftsbygningar vorte bygde om og tilpassa moderne turisme. Her kan du velgje mellom alt frå hotell og hytter sentralt i Lom - til autentiske gardsmiljø og fjellstuer kor du kan starte fjellturen rett utanfor døra.