For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.
Antall resultater: 24
, vises for øyeblikket 1 til 20.
Lom
Bakeriet i Lom ligg midt i Lom sentrum. Her kan du setje deg ned med ein bolle og ein god kopp kaffe. Om sommaren er det uteservering med pizza og hamburger.
Garmo
Brimi sæter er kjend for sin "Skråppå-tå"-meny som blir servert på langbord på låven. Her kan du bli kjent med gardsdyra og historia, og få sjå korleis mjølka vert til ost.
Lom
BrimiBue ligg midt i nasjonalparklandsbyen Lom. På restauranten her serverer dei moderne tradisjonsmat, både til lunsj og middag.
Tessanden
På Café Gjendeosen får du servert mat med utsikt før og etter turen over Besseggen.
Bøverdalen
Den gamle slektsgarden - og kunsthotellet Elveseter har hatt besøk av turistar heilt sidan 1870-talet, og er eit av dei mest særeigne hotella i Noreg.
Lom
På Fossberg kafé kan du nyte heimelaga mat eller bakverk med utsyn over Lomseggen midt i Lom sentrum.
Lom
Fossheim hotell er kjent for sitt smakfulle kjøken og nyttar i størst mogleg grad råvarer frå lokale gardar, fiskevatn og fjell.
Lom
På Glitterheim får du tradisjonsrik fjellkost i alle måltida. Det meste av maten er laga på Glitterheim av gamle oppskrifter og lokale råvarer.
Bøverdalen
På Jotunheimen fjellstue kan du nyte et fantastisk 3- rettars måltid - produsert med ferske og lokale råvarer.
Bøverdalen
Juvasshytta er Noregs høgstliggjande fjellstue og nærmaste utgangspunkt for turar til Galdhøpiggen.
Bøverdalen
Krossbu turisthytte er ei privat turisthytte frå 1901 som ligg idyllisk til ved Sognefjellsvegen, den høgste fjellovergangen i Nord-Europa.
Bøverdalen
Leirvassbu fjellstue ligg idyllisk til ved Leirvatnet på 1400 meter over havet, og er eit ypperleg utgangspunkt for fjellvandring, toppturar, breturar, brekurs, matkurs, vårskiløping, klatring og fisking i fjellvatna.
Lom
Lom bryggeri produserer øl under merkevara Lomb - i det som tidlegare var låven på driftsbygninga i Grjotheim i Lom. Her er det òg bryggeripub.
Lom
Turisthytta Memurubu ligg langs Gjende i Jotunheimen, og er det mest brukte startpunktet for turar over fjellryggen Besseggen.
Lom
Nordal Turistsenter ynskjer velkomen til ein hyggeleg kafeteria i Lom sentrum. Her serverer vi eit variert utval av kaker og kaffe, smørbrød eller middagsrettar.
Lom
Nordalsfjoset pub er eit 90 år gamalt, godt bevart fjos knytt til Nordal turistsenter i nasjonalparklandsbyen Lom.
Bøverdalen
Røisheim hotell er ein gamal verna skysstasjon (frå 1858) med ei heilt unik atmosfære og eit berømt kjøkken. Måltid i gourmet-klassa høyrer med til opplevinga.
Lom
Sentral'n Kafé og Isbar er ein isbar midt i Lom sentrum. Kjent for elgburgeren sin, dalen største utval av kuleis og god kaffe!
Skjåk
Skeid Kro ligg i Skjåk, og er kjent for sin gode heimelaga mat. Her kan du innta eit godt måltid i eit uformelt, triveligt miljø.
Lom
Smak i Lom sel lokalprodusert mat- og drikkevarer i Lom sentrum. Ekte rummevafler og ekstra god kaffe!