Er du fjellglad og ynskjer deg ein spanande jobb i nasjonalparklandsbyen Lom, eller i fjellheimen - blant landets høgaste fjell? Her er ei oversikt over ledige stillinger i Lom og Jotunheimen, som blir oppdatert forløpande:
Stillingssleppet 2025 – oversikt over ledige stillingar og lærlingeplassar i Nord-Gudbrandsdalen!
Dei aller fleste av bedriftane rundt oss har lagt inn sine ledige stillingar i stillingssleppet no. Her finn du både heiltidsstillingar, sommarjobbar, lærlingplassar og kontorfellesskap: Sjå stillingssleppet her!
Visit Jotunheimen | Vi er sjølve på jakt etter fjellglade, positive og serviceinnstilte medarbeidarar til turistinformasjonen i sommar. Dine arbeidsoppgåver vil primært vere å hjelpe turistar, i turistinformasjonen og på telefon og e-post. Du vil òg stå for sal av kart, bøker og tur-relaterte artiklar frå utsalet vårt i turistinformasjonen, og bidra med aktivitet i våre sosiale kanalar.
Vil du bli vår kollega?
Les meir her: Vertskap i turistinformasjonen i Lom
Du må du gjerne sende oss ein open søknad!
Om du ikkje veit heilt kor du kunne tenkjer deg å jobbe, kan du send oss ein open søknad (utanom tidsrommet for stillingssleppet). Vi vil da vidareformidle til aktuelle bedrifter. Om dei finn søknaden relevant, vil dei ta direkte kontakt med deg.
Send søknad og CV til:
post@visitjotunheimen.no
- Merk emnefeltet med "open søknad".
Skriv gjerne litt om kva arbeidserfaring du har frå før, kva periode du kan jobbe og om det er noko spesielt du kunne tenkje deg å arbeide som/med. Vi ser fram til å høyre frå deg!