Visit Jotunheimen er reisemålselskapet for Jotunheimen, Lom og omland.
Velkomen til det mest fjellrike landskapet i Noreg. Her finn du dei høgaste fjella i Norge, Galdhøpiggen og Glittertind og dei fleste av landet sine 2000-meterstopppar. Gjer deg klar for fotturar i frodige dalar og over høge toppar, til å utforske mektige isbrear og glitrande innsjøer.
Midt i matfatet:
Heile området er eit eldorado for store natur- og kulturopplevingar. Fjellregionen Jotunheimen er kjend for sin rike og unike matkultur. Midt i matfatet i hjartet av Noreg, kan du skjemme bort ganen med lokalprodusert mat basert på lange tradisjonar og spesialitetar frå fjellheimen.
Nasjonalparklandsbyen Lom:
Lom sentrum har status som nasjonalparklandsby og er ein naturleg innfallsport til nasjonalparkane Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen.
Turistinformasjon i Lom
Turistinformasjonen i Lom finn du på «Nilsbue», ved rundkøyringa midt i Lom sentrum.
Her får du nyttig informasjon om aktivitetar, arrangement, overnatting, servering og handel i og rundt Lom og Jotunheimen. Turistinformasjonen er ope på kvardagar heile året, med ekstra bemanning og helgeope i juni, juli og august.
Turistinformasjonen i Lom finn du på «Nilsbue» ved rundkøyringa midt i Lom sentrum. Turistinformasjonen er ope heile året og vi er tilgjengeleg på telefon og e-post.