Ingen norske fjell tek deg høgare på ski. Finn fram feller og toppturski, og oppsøk skieldoradoet Jotunheimen.
Nybyrjar eller ekstrem frikjøyrar. Det spektakulære og varierte terrenget byr på noko for alle nivå. I Jotunheimen kan du gå alt i frå stutte dagsturar i slakt terreng til den spektakulære Høgruta i Jotunheimen, Noreg sitt svar på alpanes Haute Route. Dette er ein femdagarstur gjennom eit av landet vårt sine flottaste fjellområde. Er du usikker på kor du skal gå, få med deg ei kjent guide på tur!