For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.
Allereie i 1934 begynte Knut K. Vole å bygge veg opp til Juvasshytta. Med spade, hakke og trillebår satte han i gang arbeidet. Ei lang historie kort fortalt; det vart til slutt veg opp frå Raubergstulen til Juvasshytta. I dag har vi asfaltert veg helt til inngangsdøra. Galdhøpiggvegen er er privateigd og - drifta, og opnar vanlegvis for trafikk i mai månad.
All køyring skjer etter privatrettslege reglar der alle må akseptere avtalevilkåra:
- Vegen kan berre nyttast av personbilar mot vegavgift. Billett skal leggast synleg i frontruta. Bussar frå Raubergstulen til Juvasshytta køyrer berre etter avtale med vegeigar.
- Køyring med anleggsmaskinar er forbode.
- Bil med campingvogn er forbode.
- Regelbrudd medfører eit gebyr på kr. 1000,- som blir ilagt etter privatrettslige reglar.
- Køyring krev spesiell kompetanse og forsiktighet av sjåføren. Bremser og gir må vere i orden. Dekk/kjetting og liknande må vere tilpassa vér- og føreforhald.
- All ferdsel langs vegen skjer på eiget ansvar. Vegeigar fråskriver seg alt ansvar for skade som måtte skje på person eller materiell på eller langs vegen.
- Vegen kan bli stengd på kort varsel. Bommen er videoovervåka.
Billettprisar automatisk bomstasjon:
Bil: 150,- Minibuss/campingbil: 200,- Buss: 500,-
Skiltnummer blir registrert ved passering. Betaling skjer enkelt via www.passpay.no eller i terminal oppe på parkeringa til Juvasshytta. Betal innan 48 timer etter passering. Er ikkje passeringa betalt innan 48 timar vil avgifa fakturerast.
Skal du kjøyre mange turar vil det løne seg å abonnere.Gå inn på www.passpay.no via «Min side» (logg inn) og kjøp abonnement.
* Skisenteret kan stenge på kort varsel, eller utvida opningstida, avhengig av vêr- og føreforhald.
Følg med på heimesida eller Facebook.