Korleis er vêret og føret i Lom og Jotunheimen?
Hald deg oppdatert på vêret og forhalda både på vegar og til fjells når du er på tur. Her finn du nyttige linkar til sider som kan vere til god hjelp når du skal ta dei rette vegvala - med omsyn til vêr- og føremeldingar. Dessutan er det utplassert ein del webkameraer som gjev deg oppdaterte bilete frå dag til dag. Dei kan du følgje med på her!
Yr.no: Vêrvarsel for Jotunheimen
Vêrstasjonar (via Netatmo): Gir ei oversikt over det faktiske vêret og temperaturar her og nå, med data frå utplasserte Netatmo- vêrstasjonar:
varsom
er di kjelde til varsling av naturfarer i Noreg, med mellom anna skredvarsling.
regObs
er ei registreringsside for naturfarerelaterte observasjonar. Data blir brukt av dei nasjonale varslingstenestene, men er og tilgjengelege for andre som vil gjere eigne vurdringar. Som privatperson kan du legge inn observasjonar kring snø, vatn, jord og is som du gjer ute i naturen.
Gjer eigne vurderingar!
Det er viktig at du brukar varslene, datagrunnlaget og karta på eige ansvar og tek lokale omsyn. Eit varsel er eit hjelpemiddel, ikkje ein fasit. Du lyt difor sjøl tilpasse eigen risiko i utsette område ved å velgje når, kor og korleis du ferdast.