For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Nilsbue kontorfellesskap

TypeDestinasjonsselskap

Bergomsvegen 17, 2686, Lom

+47 61 21 29 90

  • Nilsbue hub
  • Nilsbue kontorfelleskap
  • Nilsbue kontorfelleskap
  • Nilsbue kontorfelleskap
  • Nilsbue kontorfelleskap
  • Nilsbue kontorfelleskap
  • Nilsbue kontorfelleskap
  • Nilsbue kontorfelleskap
  • Nilsbue kontorfelleskap
  • Nilsbue kontorfelleskap
  • Nilsbue kontorfelleskap
  • Nilsbue kontorfelleskap

Om

Velkomen til Nilsbue kontorfelleskap – midt i sentrum av fjellbygda Lom. Omkrinsa av nasjonalparkar, brear og høgfjell, restaurantar, kafear, bakeri og flust av spennande butikkar!

Planlegg du ei langhelg til fjells, men må jobbe litt undervegs? Da er det berre å «droppe inn» her, få jobben gjort – og stikke rett ut! Eller kanskje du er ei lokal bedrift som ynskjer tilgang på kontor i sentrum nokre dagar i månaden? Ta kontakt, så finn vi ei passande løysing.

Vi har ledig plass, både for fast og fleksibel leige.

PRISAR (oppdatert for 2024):
Fast  |  2 725,- per mnd.
Dette er løysinga for deg som ynskjer fast kontorplass på privat cellekontor.

Fleks  |  1 050,- / 1 675,- per mnd.
(Tilgang til kontorplass inntil 6 / 10 dagar i månaden.)
Fleksibel leige for deg som treng kontor nokre dagar i månaden, eller i kortare perioder gjennom året.
Fleks-plassane er i ope landskap, eller på ledig cellekontor.

Drop-in  |  300,- (ink. mva) per dag.
Kontorplass i ope landskap.
Sjølvbetent med moglegheit for vipps-betaling.

Gratis «prøvedag» for medlem/støttemedlem i Visit Jotunheimen.

Møterom  |  Kr. 199,- per time
Møterom med konferanseutstyr og plass til 8 personar. Fri tilgang til kaffe/te. 

* Tilgang til felles fasilitetar er inkludert i prisen for alle. 
(alle prisar utanom drop-in er eks. mva)

 

Få leiga dekt av Lom kommune
Lom kommune har vedtatt retningslinjer som gjer at DU kan teste ut eit kontorfellesskap i Lom og få dekt inntil 2 500,- / mnd. av leiga i fire månader.
Fyrstemann til mølla. Les meir og søk her: ​​​​​​ Prøveleige av kontorplass i Lom

 

FELLES FASILITETAR:
FELLESAREAL  –  Kjøkkenkrok, spisebord og lounge
KAFFEMASKIN  –  Fri tilgang på fersk kaffe og te
TRÅDLØST INTERNETT  –  Rask wireless internett inkludert
ADGANG TIL PRINTER  –  Printer, kopi, scanner og konttorrekvissita
MØTEROM  –  Moglegheit for å booke møterom for 8 personar. Konferanseutstyr. 
PARKERING  –  God plass for parkering, og moglegheit for straum

 

BOOKING MØTEROM OG DROP IN
Ta kontakt på booking@nilsbue.no eller med Visit Jotunheimen direkte.

 

LEDIG MØTEROM OG DROP IN

Her kan du sjå når møterommet er ledig: Møterom Bøvre

Her kan du sjå når det er ledig på Drop-in: Drop-in Vesljuva
 

 

 

 

Kart

Sjå meir

Turtips: Lomseggen – topptur frå Lom sentrum, LomFottur frå Lom sentrum: Opplev majestetisk utsyn over tre nasjonalparkar frå Lomseggen.

Visit Jotunheimen | Turistinformasjonen i Lom, LomTuristinformasjonen i Lom finn du på «Nilsbue» ved rundkøyringa midt i Lom sentrum. Turistinformasjonen er ope heile året og vi er tilgjengeleg på telefon og e-post.

Bakeriet i Lom | Kafé, LomBakeriet i Lom ligg midt i Lom sentrum. Her kan du setje deg ned med ein bolle og ein god kopp kaffe. Om sommaren er det uteservering med pizza og hamburger.

The cultural path in Lom National Park VillageTurtips: Setervegen til fjells - fottur i Lom nasjonalparklandsby, LomKulturstigen "Setervegen til fjells" til Skutlan og ned Myrskardet: Fottur i Lom nasjonalparklandsby.

Lom nasjonalparklandsby, LomVelkomen til nasjonalparklandsbyen Lom - innfallsporten til Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen!

Topptur på ski: Kvitingskjølen 2060 og 2064 moh., LomKvitingskjølen er ein lett tilgjengeleg 2000-meterstopp frå Lom sentrum - som egnar seg både til fots og på fjellski.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no