For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.
"Juva" er eit moderne hotellbygg ved foten av Galdhøpiggen, 1840 meter over havet.
Om du ynskjer å unne deg litt ekstra luksus i forbindelse med tur til Galdhøpiggen, bør du ta ein titt på nybygget ved Juvasshytta, som sto ferdig våren 2020. Konstruksjonen på bygget er av massivtre. Her finn du mellom anna 10 dobbeltrom med eigne bad og heilt unik utsikt. I "Juva" kan du ligge på dobbeltsenga og sjå rett opp på Galdhøpiggen!
Det er også ei leiligheit i huset, kor det er bord til 20 personar. Denne kan leigast ved spesielle anledningar og lag.
I fyrste etasje er det laga eit servicebygg med 10 toalett, stort tørkerom, 10 dusjar og heilt ny skoutleige!
Som gjest på "Juva" et du frukost inne i restauranten på Juvasshytta. Her blir det også servert enkle lunsjrettar og 3-rettars middag kvar dag. Øl og vin-servering.
Juvasshytta er ei familiedreve fjellstove med tradisjonar frå 1884, og det nærmaste utgangspunktet for turar til Galdhøpiggen. Hytta ligg 1840 moh. og er Nord-Europas høgstliggjande turisthytte.
Guida turar til Galdhøpiggen kvar dag i høgsesongen, sjå under for tider. Møt opp seinast ein halv time før avgang. Billettar blir selt i resepsjonen og på nett.
På toppen ligg Galdhøpigg-hytta der du kan nyte nistepakka di. Sal av varm og kald drikke, T-skjorter, pins og kort med Galdhøpiggstempel på. Vil du nyte skisporten sine gleder, er Galdhøpiggen sommarskisenter berre 15 minutt unna til fots.
Juvasshytta has 36 rooms, with a total capacity of 120 people. You can choose between rooms with 2-4 beds (w/private bathroom) and rooms with 2-5 beds in the annex (w/shared bathroom).
Dogs are allowed in some of our rooms in the annex, and they must have a crate. Room with dog: kr 100,-
PRICES
Room w/private bathroom
kr 660,- per adult
kr 550,- per child (13 years)
Rooms in annex (w/ shared bathroom)
kr 460,- per adult
kr 410,- per child (13 years)
Frå Lom følg riksvei 55 mot Sogndal, køyr 20 km til Galdesand, ta til venstre opp Galdhøpiggvengen (det er skilta til Juvasshytta). Køyr 15 km heilt fram til Juvasshytta. Bomavgift, kan kun betalast med kort. 100 kr for personbil, 300 kr for buss.
* Ope for booking i sesong.