Om
Velkomen til Brimi Sæter, ei levande seter ved foten av Jotunheimen!
På Brimi Sæter vil vi at du som gjest skal kjenne på kjensla av å vere ein del av noko ekte. Ta del i seterlivet, nyt fjellufta og flott natur, nyt god seterkost og ureiste måltid og kjenn roa senke seg, berre slik ho gjer her på setra.
Opplevingar og smakar vi håpar og trur vil sitje i kroppen lenge etter at du har reist heim.
Låverestaurant:
Brimi sæter er kjend for sin 4-retters spesialmeny "Skråppå-tå".
Kring heimsmidde bordgrillar ved langborda på låveloftet byr Skråpå-tå på ei stemningsfull og smaksrik oppleving for alle sansar. Til tonene frå fele eller sang, krydra med historiar frå setra, smeltar du sjølv seterost på glørne i lag med gode smakar frå Brimi Seter sine eigne beitedyr. Eit sosialt og særprega måltid vi vonar du vil minnast lenge.
Vår 4-retters skråpå-tå meny er inkludert i alle pakker vi tilbyr på setra. Den vert servert kvar kveld om sommaren og kvar laurdag i skuldersesong, og vi tek også imot bordreservasjonar for dei som ikkje ynskjer å overnatte.
Seterkafé:
Seterkaféen på Brimi Seter byr på mektig rømmegraut, ureist spekemat, kjøtsuppe og rømmevaflar til å bli lykkeleg av. Alt laga på setra med mjølk og kjøt frå eige fjøs og buskap.