For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.
Velkomen til Brimi Sæter, ei levande seter ved foten av Jotunheimen!
Ta del i seterlivet, nyt fjellufta og flott natur, nyt god seterkost og ureiste måltid og kjenn roa senke seg, berre slik ho gjer her på setra.
Opplevingar og smakar vi håpar og trur vil sitje i kroppen lenge etter at du har reist heim. På Brimi Sæter vil vi at du som gjest skal kjenne på kjensla av å vere ein del av noko ekte.
Våre faste pakkar gjennom året inkluderer alltid ei god oppredd seng, og gode måltid laga med omsorg, og av lokale råvarer, slik at du får ei komplett oppleving av seterlivet.
Overnatting på ulike rom i tradisjonsrike seterhus, og i brisker oppe på låven. Om sommaren har vi også 3 lavoar for utleige.
Ulike sesongar gjennom året
Om våren vaknar setra til liv etter vinterdvalen.
Våren er perfekt for deg som ynskjer ei helgepakke saman med gode vener eller ei stemningsfull feiring i unike omgjevnadar, der natur, mat og gode minner går hand i hand. Frå rundt 20. mai til sommarsesongen startar, tilbyr vi faste helgepakkar med overnatting og gode matopplevingar.
* Opent kvar dag frå ca St.Hans og ut august. Opent i helgene i skuldersesong.