For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Leirvassbu | Turisthytte DNT

TypeFjellstue

2687, Bøverdalen

Sjekk tilgjengelighet forLeirvassbu | Turisthytte DNT (Åpnes i et nytt vindu)

+47 61 21 12 10

Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Leirvassbu turisthytte. Foto: Live A. Sulheim
  • Leirvassbu turisthytte. Foto: Live A. Sulheim
  • Product Image
  • Leirvassbu turisthytte. Foto: Live A. Sulheim
  • Leirvassbu - Jotunheimen
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Leirvassbu fjellstue i Jotunheimen ligg idyllisk til 1400 moh. ved Leirvatnet i Leirdalen, og er eit ypperleg utgangspunkt for toppturar med flust av 2000-meterstoppar rett utanfor døra.

Ved foten av det karakteristiske fjellet Kyrkja ligg Leirvassbu ideelt til med tanke på breturar, fjellvandring, toppturar, brekurs, vårskiløping, klatring og fisking. Du kan nå om lag 50 toppar over 2000 m.o.h. frå Leirvassbu.

Høgruta i Jotunheimen:
Leirvassbu er ein del av Høgruta i Jotunheimen, og den 5. hytta du er innom i løpet av den 5 dagar lange skituren gjennom hjarta av Jotunheimen. Du kan anten bruke hytta som ein stoppestad på ein lengre tur, eller bu her fleire dagar og utforske lokale fjelltoppar. 

Historia ligg i årstala på veggen: 1875 - 1906- 1957
Leirvassbu har vore eit knutepunkt for fjellvandring sidan den fyrste steinhytta, "Leirvassboden" ved Leirvatnet vart bygd av DNT i 1875. Da med kun fire sengeplassar. I 1906 vart Leirvassbu bygd om til trehytte med 19 sengeplassar, før hytta i 1957 vart utvida til 100 sengeplassar og modernisert med mellom anna straum. Idag er Leirvassbu ei stor fjellstove med rundt 200 senger (60 med dusj og toalett på rommet). Tove og Ole Jacob Grindvold var vertskap fram til Leirvassbu opna som DNT-hytte den 23. mars 2023.

Den Norske Turistforening har merka ruter som går frå Leirvassbu til alle turisthyttene i området. I vintersesongen kan du fylgje vinterrutene som er kvista. 

Fjellstova er fyrst og fremst tiltenkt fjellvandrarar. Det blir servert solid frokost der dei som ynskjer det kan smøre niste og fylle termos. På dagtid kan du kjøpe kaffe og kaker eller enkel mat. Resepsjonen har salg av kioskvarer og er ope heile dagen. Om kvelden blir det servert felles tre-rettars middag og vi har bar med alle rettigheitar.

Leirvassbu ligg berre 45 km, eller om lag ein time med bil frå Lom sentrum.

Velkomen til fjells!

Kontakt:
Leirvassbu Turisthytte
Leirdalsvegen 1440, 2687 Bøverdalen
Telefon: 61 21 12 10
E-post: leirvassbu@dnt.no
Midlertidig bestyrerpar: Gitte og Terje Sølna(bestyrere på Snøheim)




 

Fasiliteter

Aktiviteter

  • brevandring
  • fiskekort
  • fjellvandring
  • fotturer
  • fritidsaktiviteter
  • grotting
  • Guidet tur
  • isklatring
  • oterfiske
  • spasertur
  • stangfiske

Atmosfære

  • avslappet
  • hyggelig

Generelle fasiliteter

  • bar
  • matservering
  • oppholdsrom
  • parkeringsplass
  • resepsjon
  • spisesal

Romfasiliteter

  • familierom - tilgjengelig

Sesong

  • Sommer
  • Vinter

Skjenkerettigheter

  • Alle rettigheter

Vintersport

  • merkede løyper
  • ski

Kart

Veibeskrivelse

Vegen i Leirdalen:  Utanom sesong er vegen inn til Leirvassbu stengt med bom ved Geitsætre/Illåe, om lag 5 km inn i dalen (frå Fv 55 Sognefjellsvegen). Vegen frå Fv 55/Sognefjellsvegen og inn til hytta er ca. 14 km og det er betalingsbom 1 km etter avkjøyring frå Fv 55. I sommarsesongen kjem du heilt inn til hytta med bil. 

Bomprisen er kr 110,- pr bil.

I vintersesongen er vegen inn til Leirvassbu brøytt til Sletthamn, om lag 9 km etter du har køyrt av frå fv55. Her kan du parkere. Det er da ca 6 km frå parkeringsplassen og inn til hytta. Du kan gå på ski inn etter kvista løype, eller – viss du skal sove på Leirvassbu – bestille transport med scooter/beltevogn. 150,- pr person, dobbel pris etter kl. 23.

For bestilling av transport, ring eller send e-post seinast kvelden før ankomst. Det er dårleg mobildekning på parkeringsplassen på Sletthamn.

Fjellbuss: I høgsesongen på sommaren (juli og august) går det buss til og frå Leirvassbu. www.nor-way.no eller busstilfjells.no  

Veibeskrivelse til kollektivtransport

Bil: Leirvassbu ligg berre 45 km, eller om lag ein time med bil, frå Lom sentrum. Følg Fv. 55 frå Lom og ta til venstre mot Leirdalen etter 30 km. Bomveg kr. 110,- per bil. 

Velkomen til fjells!

Opningstider

* Ope i sesong.

Sjå meir

Leirvassbu | FjellvandringLeirvassbu er eit godt utgangspunkt for lange, stutte, enkle eller meir krevjande fotturar eller skiturar i Jotunheimen.

Topptur på ski: Bukkehøe (2314 m.o.h.) frå Leirdalen, LomTOPPTUR TIL BUKKEHØE, 2314 m.o.h. 1300 høgdemeter med variert skikøyring fram til bildøra!

Topptur på ski: Bakarste Skagsnebb (2093 m.o.h.), LomTOPPTUR TIL BAKARSTE SKAGSNEBB (2093 m.o.h.) – Spennande topp med flott utsikt og rå skikøyring.

Topptur på ski: Kyrkja (2032 m.o.h.), LomTOPPTUR TIL KYRKJA, 2133 m.o.h. Snøklatring på bratt rygg, men med enkel skikøyring ned att!

"Kyrkja" 2032 moh in Jotunheimen. Impressive peak wich resembles a church. Turtips: Kyrkja (2032 m.o.h.) frå Leirvassbu, LomFOTTUR TIL KYRKJA (2032 m.o.h): Det karakteristiske fjellet med toppen som likar eit kyrkjespir omtales som signaturfjellet i denne delen av Jotunheimen.

Topptur på ski: Storivilen 2068 moh. (Lomseggen) frå Lundadalen, LomTOPPTUR TIL STORIVILEN, 2068 moh. Tilgjengeleg topptur heile vinteren. Mektig utsikt til Jotunheimen og Breheimen. Start frå Lundadalen i Skjåk.

Turtips: Storbreahøe (2001 moh.) frå Leirdalen, LomFOTTUR TIL STORBREAHØE (2001 m.o.h): Fottur som bringer deg rett inn i hjarta av landets kanskje vakraste brelandskap. Ein mektig utkikkstopp i Jotunheimen.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no