For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Turtips: Storbreahøe (2001 moh.) frå Leirdalen

TypeTopptur sommer

Leirdalen, 2687, Bøverdalen

+4761212990

  • Turtips Jotunheimen -  Storbreahøe 2001 moh.
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Storbreahøe, av enkelte kalt Jervefonne, er eit fjell som berre så vidt bryt den magiske 2000-metersgrensa. Fjelltoppen er plassert blant ein rekke brear og spisse fjelltoppar i Leirdalen i Lom.

Stad: Jotunheimen, Lom kommune 
Beste utgangspunkt: Breabakken i Leirdalen
Lengde: Ca. 9 km tur-retur
Tid: 5-6  timar tur retur.
Stigning: Ca. 900 høgdemeter
Ver obs på: Elva Storbreagrove kan vere krevjande å krysse ved høg vannføring. Etter kryssing er det ikkje merka sti. 

Dette er ein topp som er akkurat over 2000 meter høg, men som er omkransa av terreng over 30 grader, og difor veldig skredutsatt om vinteren. Om du har lyst på ein tur hit, men ikkje har klart å stole på at forhalda er gode nok for å gå hit på ski, er det ein god plan å ta turen til topps på barmark! 

Adkomst: Vi har fylgt Fv55, Sognefjellet og køyrt inn i Leirdalen (altså vegen og dalen som går mot Leirvassbu). Parker ved Storbreagrove/Breabakkan. Turen startar ca. 1100 meter meter over havet ved frå parkeringsplassen i Breabakkan. Her går vi fyrst over brua som kryssar elva Leira (som altså renn nedover dalen). Frå her følger du ein godt merket natursti oppover mot brefronten til Storbrean. 

Geostig Storbrean: Geologistigen er i seg sjølv er ein fin tur!  Her finn du fyrste informasjonstavle ved brua over Leira. Turen går i lett lende med 16 postar og tek omlag  to timar opp. Infobrosjyre (geologi, geografi) får ein på Fossheim steinsenter

Etter cirka 2 kilometer flatar terrenget ut, og det er på tide å krysse elva Storbreagrove, som ofte er den største utfordringa på denne turen. Kom i hog at du også må krysse denne på veg ned att!

Det kan være mulig å krysse Storbreagrove langt nede, men dette krev at det er låg vannføring. Er det normal eller stor vannføring, er det best å gå heilt opp til flatane rett før Storbrean og krysse/vasse over elva der.

TIPS! Om du finn ein egne stad for kryssing, er det lurt å krysse på same stad på veg ned att. Heilt i botn, kjem du ikkje over elva, da ho renn i hop med Leira i botn av dalen! 

Etter å ha krysset Storbreagrove kan du velge forskjellige linjer oppover i rett linje mot toppen. Nokre tydelege drag i terrenget leiar deg oppover til ein hylleformasjon som kan følges eit lite stykke autover. Terrenget byr på ein variasjon av mose og gras, og steinur. Mot toppen er det kun stein. 

Dei siste 200 høgdemetrane opp til Storbreahøe er bratte, men her ligg Jervefonne som kan vere fin å gå på snø, om det ikkjer er for glatt. Det kan vere smart å ha med nokre små brodder i sekken. Har isen kome fram må ein fram med stegjern og isøks. 

Dei siste metrane til toppvarden flatar terrenget litt ut - og du blir straks belønna med majestetisk utsikt!

Storbreahøe ligg omkransa av høge toppar og vakre brear på alle kantar, med formidabel utsikt i 360 graders omkrins. Du ser rett på Smørstabbtindane med Storebjørn i midten, og Fannaråken i det fjerne.

Vi anbefaler deg å gå same veg ned att, særleg med tanke på kryssing av elva Storbreagrove. 

Vintertur: Storbreahøe er ein fin skitur om vinteren, men har skredutsatt terreng på alle kantar, og krev difor stabile snøforhold for å kunne bestigast.

VIKTIG INFORMASJON
Parkering: For å kome til Leirdalen følgjer du fylkesveg 55, Sognefjellsvegen frå Lom sentrum, og tek av til venstre. Avkøyringa er merka "Leirvassbu". Vegen inn til Leirvassbu er 15 km lang, og om vinteren er det brøyta 9 km innover. Vegen er privat, og du betaler bom etter avkøyringa frå fv 55.

 

Kart

Veibeskrivelse

https://www.norgeskart.no/#!?project=norgeskart&layers=1002&zoom=13&lat=6847247.15&lon=136586.66&sok=storbreah%C3%B8e&markerLat=6847247.153635958&markerLon=136586.66377280804&p=Koordinater

Sjå meir

Leirvassbu | Turisthytte DNT, LomLeirvassbu fjellstue ligg idyllisk til ved Leirvatnet på 1400 meter over havet, og er eit ypperleg utgangspunkt for fjellvandring, toppturar, breturar, brekurs, matkurs, vårskiløping, klatring og fisking i fjellvatna.

Geostig på Storbrean i Leirdalen, LomGeologi-stig opp til brefronten på Storbreen i Leirdalen. Informasjonstavle ved brua over Leira. Turen går i lett lende med 16 postar og tek omlag  to timar opp.

Turtips: Vandrerute Leirvassbu - Skogadalsbøen, LomFrå turisthytta Leirvassbu i Leirdalen, går denne turen på godt merka sti til turisthytta Skogadalsbøen, som ligg vakkert til i Utladalen ved foten av Gjertvasstind og Fannaråken, vest i Jotunheimen.

Topptur på ski: Storbreahøe (2001 m.o.h.), LomTOPPTUR TIL STORBREAHØE (2001 m.o.h.) – Variert og leiken skikøyring frå bratt hø!

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no