For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.
Storivilen er det høgaste punktet på fjellmassivet Lomseggje - og med det sjølvaste Lomseggen, som ligg 2068 meter over havet. Dette er ein fin skitopp - med mektig utsikt over Jotunheimen og Reinheimen - som er tilgjengeleg heile vinteren.
Beste utgangspunkt: Lundadalen i Skjåk
Høgdeforskjell: Ca. 1600 høgdemeter
Lengde: 8,5 km opp. Turen er totalt ca. 19 km
Antatt tidsbruk: 4 -5 timar opp, og ca. 0,5- 1 time retur
Utstyr: Normalt toppturutstyr + skarejern.
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark, randonnée, snowboard og fjellski.
Vegval: Vurderings- og navigasjonskrevande i dårleg sikt
Lomseggen (1289 moh.), fjellet ein ser frå Lom sentrum, er ei mektig skue sett frå Ottadalen, og sjølve "bygdafjellet" i Lom sentrum. Litt høgare ligg Eggjapiken (1524 moh.), og den høgaste toppen på fjellmassivet Lomseggje er altså Storivilen (2068 moh.). Denne toppen ligg meir attendetrekt 7–8 kilometer vestover på ryggen mellom Bøverdalen og Lundadalen.
Turen til Storivilen kan gåast frå fleire kantar, men vi startar frå Lundadalen i Skjåk. Da følgjer du RV. 15 frå Lom sentrum mot Skjåk, og tek av til venstre mot Fjelleventyret/Lundadalen. Følg veg til Nørdre Dalain, og køyr så langt du kjem - til parkeringsplass. Her er det skilta mot Lendbrean. Turen startar her ved å følgje ein skogsbilveg, som går sikksakk opp gjennom skogen. Etter ca. 1 time kjem du ut av skogen og opp på snaufjellet og siktar deg mot Skriduhaugan på kartet. Du skal kome opp vest for denne. Her siktar du deg meir eller midre "rett opp" i terrenget. På di venstre side ser du to tydelege renneformasjonar. Hald til høgre for desse oppover.
Vidare flatar det litt ut, innan siste stigning mot toppen. Du dreier lett sør-aust, og siktar deg inn på Frelsareggi, som eit nytt referansepunkt. Ved Frelsareggi ser du dagens turmål eit lite stykke framfor deg, nemlig Storivilen, eller høgste Lomseggi, på 2068 moh. Toppen har ein tydeleg varde og ligg slakt til venstre. Her opnar utsikta seg opp, og du ser ned mot Eggjakpiken og Lom sentrum, Jotunheimen og Breheimen i panorama.
For skikøyringa sin del, kan det på veg ned vere fint å halde ski venstre og køyre ned via Lenbrean. Her får du fin "cruise" ned att til skoggrensa, innan du følgjer skogsvegen ned att til parkeringsplassen.
Turen til Storivilen er langdryg, så sørg for å ha med godt med niste! Ved dårleg vêr kan det vere krevjande å navigere seg til topps, da landskapet er stort og ope!
Rundtur?
Kombiner turen til Storivilen 2086moh med nabotoppane Moldulhøe (2044 moh) og Hesthøe (2021 moh.). Desse grensetoppane mellom Lom og Skjåk står fritt på ein lang og massiv fjellrygg, og gir fantastisk utsyn til alle kantar. Etter å ha toppa Storivilen, går turen og ruta vidare vestover, ved å følgje høgdedraget - fyrst til Lendfjellet, så Moldulhøe 2044, Sandgrovhøe og til slutt Hesthøe på 2021 moh. Nedkøyringa frå her er stort sett problemfri, til du nærmar deg Netosæter, der snøen utover våren gradvis vil bli råtten og etter kvart smelte. Til slutt ein lett rusletur til Kvandalsvoll, der vintervegen sluttar/startar.