For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.
Fyrst og Fremst er eit guide- og aktivitetsselskap med base i Lom og Jotunheimen, som legg til rette for trygge, lærerike og mestringsfylte opplevingar.
Med Jotunheimen og Breheimen som arena, har Fyrst og Fremst som mål å leggje til rette for storslåtte natur-og fjellopplevingar der meistring står i høgsetet.
Kva tilbyr Fyrst og Fremst?
Fyrst og Fremst sett saman turar som passar alle, uansett erfaring og fysisk form, og arrangerer mellom anna turar til Galdhøpiggen sommar og vinter, toppturar på ski i Jotunheimen, brevandring og grotteturar til Dumdalen, samt ulike typer kurs som toppturkurs, skredkurs, grunnkurs bre og andre kurs om trygg ferdsel i fjellet.
Bak Fyrst og Fremst står dagleg leiar og guide Iver Lund Aakre, som har bakgrunn som både leirskulelærar og kroppsøving - og friluftslivslærar. Iver er utdanna skivegleder i regi av Norske Tindevegledere (NORTIND).
Kvifor Jotunheimen?
Jotunheimen er eit fjellområde med stabilt vêr og storslått natur, og er ein unik boltreplass når det kjem til naturopplevingar i høgfjellet. Her finn du mellom anna mange av dei høgaste toppane i landet, ei mengd store og små isbrear og heilt spesielle kalksteinsgrotter. Desse er ikkje like synlege, men er og eit resultat av smeltevatn som har grave seg gjennom stein sidan siste istid. I samband med dette finn ein og næringsrik bergrunn mange stader, noko som er med å gjev eit rikt planteliv.
Lengst vest i Jotunheimen kan vêret treffe nokså hardt. Ein kan vera utsett for vind og raske vêrskifte generelt i Jotunheimen, men lenger austover rår i større grad innlandsklima og ein kan oppleva meir stabilt vêr, både sumar og vinter. Difor finst det ofte ei alternativ om ein møter på dårleg vêr når ein er i området.
La deg inspirere – finn opplevinga du søkjer – ta kontakt.!
Vel møtt til tur i Lom, Jotunheimen og Breheimen!