For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Fyrst og Fremst | Ski og toppturar i Jotunheimen

TypeAktivitetsselskaper

Ulstadveg 26, 2686, Lom

Sjekk tilgjengelighet forFyrst og Fremst | Ski og toppturar i Jotunheimen (Åpnes i et nytt vindu)

+47 93 66 11 18

Gruppe på topptur på ski i Jotunheimen med Fyrst og Fremst
  • Gruppe på topptur på ski i Jotunheimen med Fyrst og Fremst
  • Gruppe på tur med Fyrst og Fremst i Leirdalen, Jotunheimen.
  • Brekryssing med Fyrst og Fremst i Jotunheimen.
  • Skikøyring med Fyrst og Fremst i Jotunheimen.

Om

Fyrst og Fremst er eit guide- og aktivitetsselskap med base i Lom og Jotunheimen. Saman reiser vi på jakt etter minnerike opplevingar, for vi har fyrst og fremst eit mål om å leggje til rette for dei gode opplevingane ute i naturen.

Vinter som vår er altså ei fantastisk tid for skiturar på både fjellski og randonee. Med Jotunheimen og Breheimen som arena, skal vi fyrst og fremst tilby storslåtte fjellopplevingar. 

Området er lett tilgjengeleg, og ein kan blant anna velja lange turar i slakt terreng innover og gjennom Jotunheimen sine dalar, eller ein kan gå brattare og meir krevjande turar som gjev flotte nedkøyringar opp mot 1000 høgdemeter. Dei lengre turane kan vera betre å gjennomføre på fjellski, men ein kan likevel koma seg oppom toppar over 2000 m.o.h. Ein kan og ha lange turar på randonee, men her vil ein ofte gå brattar oppover for å å få brattare køyring nedover att.

Ved alle randoneopplegg, skal deltakarane møte kvelden i førevegen til eit ferdråd. Dette for å møte guiden, men og for å gå gjennom utstyr, sjå til at alt er i orden, og verta einige om turmål til neste dag. På desse turane er det opning for ynskje om spesielle turval, og ferdrådet vert nytta til å finne den best egna turen ut frå føresetnader, vær og føreforhold.

Turane har vær og føreforbehold, men skiopplevinga står i fokus, og vi finn alltid ei alternativ løysing som gjev best mogleg utbytte. Nedanfor fylgjer eit lite utval av dei mest brukte turane vi tilbyr, i tillegg til innføring i randonee og trygg ferdsel på ski i høgfjellet. Skulle ikkje opplegga passe er det berre å ta kontakt, så tilpassar vi og finn den riktige løysinga for deg.

Kart

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no