For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Fyrst og Fremst | Grottetur i Dumdalen

TypeAktivitetsselskaper

Ulstadveg 26, 2686, Lom

Sjekk tilgjengelighet forFyrst og Fremst | Grottetur i Dumdalen (Åpnes i et nytt vindu)

+47 93 66 11 18

Caving, jotunheimen, guiding
  • Caving, jotunheimen, guiding
  • Product Image
  • Bilete av Iver Lund Aakre i Fyrst og Fremst.

Om

Kalksteinsgrottene i Dumdalen byr på underlege og utrulege bergformasjonar, og dette i ei stillheit som berre vert avbrote av den mektige elvebrusen som dundrar gjennom dalen.

Kalksteinsgrotter vert danna når vatn trengjer inn gjennom sprekkar i fjellet, og dette vil over tid løyse opp og føre med seg dei svake og vassløyselege bergartane. Grottene vil med det få ulik form, storleik, lengde, høgde og retning, alt etter kva fjellet består av og kor vatnet finn vegen. I Dumdalen, innunder Sognefjellet og vest for Lom, finn vi mange spektakulære grotter. Dei fleste grottene her vart danna for om lag 10 000 år sidan, under den siste istida.

Frå parkeringa langs Sognefjellsvegen ber det innover dalen. Turen startar i det enkle med store opne grotter der lyset kjem inn gjennom sprekkar i fjellet. Lengre inn i dalen vert grottene lengre og smalare, og det einaste ljoset ein har til hjelp er frå hovudlykter. Om du ikkje trivst best inne i dei smalaste gangane i fjellet, vil du likevel kunne få ei storslått oppleving i idylliske Dumdalen. Den kalkrike berggrunn bidrege til eit rikt planteliv, og spektakulære formasjonar finn vi så vel ute som «inne».

Kontakt oss for spørsmål og bestilling.

Fasiliteter

Natur og terreng

  • grotter

Kart

Veibeskrivelse

Dumdalen ligg omlag 38 km. frå Lom sentrum.

Parkering ved inngangen til Dumdalen, ca 500 meter vest for Bøvertun som ligg på Fv 55 Sognefjellsvegen. 

Sjå meir

Fyrst og Fremst | Ski og toppturar i Jotunheimen, LomVinter som vår er altså ei fantastisk tid for skiturar på både fjellski og randonee. Fyrst og Fremst er eit guide- og aktivitetsselskap med base i Lom og Jotunheimen. Saman reiser vi på jakt etter minnerike opplevingar, for vi har fyrst og fremst eit mål om å leggje til rette for dei gode…

Fyrst og Fremst | Brevandring, LomGira på å utforske bresprekkar, istårn og tunellar? Bli med Fyrst og Fremst på brevandring i Jotunheimen, og få nærkontakt med blåisen!

Fyrst og Fremst | Guida tur til Galdhøpiggen, LomBli med dyktige guidar frå Fyrst og Fremst til toppen av Norge - Galdhøpiggen!

Ski mountaineering in JotunheimenFyrst og Fremst | Guiding og aktivitetar i Lom og Jotunheimen, LomFyrst og Fremst er eit guide- og aktivitetsselskap med base i Lom og Jotunheimen. Tilbyr breturar, ulike kurs, toppturar på ski og Galdhøpiggen sommar og vinter.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no