For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.
Turisthytta Spiterstulen ligg 1111 meter over havet i den frodige Visdalen i Jotunheimen, og er eit naturleg startpunkt for turar til Noregs høgaste fjell - Galdhøpiggen.
Her kan du dessutan nå 17 av dei 26 toppane i Noreg på over 2300 meter over havet på dagstur. Storebror Galdhøpiggen tronar i vest med veslebror Glittertind i aust. Når hytta opnar om våren, er området eit eldorado for toppturar på ski.
Berre reisa innover Visdalen er i seg sjølv ei oppleving av historie og natur. Det går framleis dyr på sommerbeite langs vegen og knytter saman nåtid og fortid. I Visdalen finn du ein rik flora, pludrande bekker, attgrodde dyregravar og sagnomsuste sætertufter som innbyr til fine småturar. Sætervollane er leikeplass for barna.Spiterstulen gjev kvardagen eit pusterom! Om sommaren blir det arrangert daglege turar med førar til Eventyrisen på Svellnosbreen, og i pent vær kan ein bestige Galdhøpiggen og Glittertind trygt på eigehand.
Spiterstulen var historisk sett ein sætergrend til slektsgarden Sulheim som blei utvida for gjester fyrste gongen i 1836. Gjennom seks generasjonar har staden sidan blitt utbygd og modernisert, men det gamle preget er bevart – med fleire små og store hus i eit tun. Gjesteromma varierer fra småstuer og familieeininger med bad, til ungdomsavdelingar med køyesengar og felles vaskerom. I alt er det senger til 200 gjestar.
Dersom ein ynskjer å sove ute i frisk fjelluft ligg det ein teltplass på andre sida av elva Visa. Her er deti eit enkelt service- hus med to dusjar, utedo og et kokerom med to enkle elektriske plater og sitjegrupper. Dette huset er kun tilkobla sommarvatn. Som campinggjest kan du nytte servicehuset som er på den same sida av elva som hovudhusa. Her finn du ferskvatn til drikke og matlaging.
Det er også eit telt- og bubilområde ca 200 meter nord for hoveduset, som er tilrettelagt for camping. Der er det kun utedo.
Det er oppstillingsplassar for bubil ved parkeringsplassen, med moglegheit for strømtilkopling. Her er det også tilrettelagt med tømmestasjon for toalett og gråvatn, og moglegheiter for å fylle på vatn.
Teltavgift og informasjon ordner ein i resepsjonen på Spiterstulen.
Postadresse: Postboks158, 2688 Lom
Gateadresse: Visdalsveien 1710, 2686 Lom
Google Maps: 61 º 37´ 29.5´´ N / 08º 24 16.4´´Ø.
GPS: 61.624716 8.404346
Det går bomveg heilt fram til Spiterstulen så lenge det er ope for drift. Bompengar betalast i resepsjonen. Når Spiterstulen er stengt er også vegen stengt. I høgsesongen om sumaren går det ordinær rutebuss heilt fram.
* Ope for booking.