For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.
DNT-hytta Glitterheim ligg ved foten av Glittertinden, omkransa av ei rekkje 2000 - meterstoppar. Familien Vole ventar deg med 140 senger og måltider basert på tradisjonsrik fjellkost.
Glitterheim har 137 senger. Desse er fordelt på 2-sengsrom og, 4-sengsrom, større rom og sovesal.
I alle senger er det dyner og puter med varetrekk. Ver vennleg å bruk eigen lakenpose. Det er òg mogleg å legge til side dyna og bruke eigen sovepose. Lakenpose eller sengetøy kan laigast i resepsjonen.
Hytta har varmt og kaldt vatn i hovudhuset og aggregatstrøm (220 v). Det kan likevel vere greit å ha ei lommelykt i sekken da aggregatet slås av ca. kl. 23.00 kvar kveld. I sovehuset finnes toalett, dusj og tørkerom.
Frå Glitterheim er det natursti for barn og vaksne. På naturstien får du vete meir om planter, dyreliv, tradisjonar og tidlegare busetting i området. Sjøl om Glitterheim ligg både høgt og alpint til, er området rundt hytta grønt og frodig. Her finn du blåbærlyng, tyttebærlyng, og i sørveggen på hytta trives rabarbraen.
På Glitterheim får du tradisjonsrik fjellkost i alle måltida. Det meste av maten er laga på Glitterheim av gamle oppskrifter og lokale råvarer.
Sesong: medio mars - medio april og medio juni - medio september
Sykle eller gå inn til hytta: Glitterheim ligg i Jotunheimen nasjonalpark, og det er difor ikkje lov å køyre bil inn. Bommen ligg 7 km frå hytta, og her har dei utleige av syklar, slik at du kan parkere gratis og sykle eller gå inn til Glitterheim.
Til fots: ca 1,5 time
På sykkel: ca 45 min
Vi har sykkelutleige ved nasjonalparkgrensa - Glitterheim. Kr 100,- pr sykkel pr veg.
Frå nasjonalparkgrensa til Glitterheim er det 7 km.
Les meir her: https://glitterheim.dnt.no/adkomst/
Høgruta i Jotunheimen:
Glitterheim er ein del av Høgruta i Jotunheimen og anten kan du bruke hytta som ein stoppestad på ein lengre tur, eller bu her fleire dagar og utforske lokale fjelltoppar som Norge sitt nest høgaste fjell, Glittertind.
Om vinteren har vi transport heilt inn til trappa på Glitterheim. Kjem du med eigen bil, kan du køyre til Veolia i Sjodalen, der det er parkeringsplass. Vi abefaler E6 om vinteren, sidan Valdresflya er vinterstengd.
Om sommaren må du gå eller sykle inn til Glitterheim. Frå nasjonalparkgrensa til Glitterheim er det 7 km. Det er sykkelutleige ved nasjonalparkgrensa og på Glitterheim. Lån ein sykkel som du betaler for inne på hytta.
Om sommaren må du gå eller sykle inn til Glitterheim frå bommen ved nasjonalparkgrensa. Frå her er det 7 km inn til Glitterheim. Det er mogleg å leige sykkel. Det står syklar ved bommen. Les meir her: https://glitterheim.dnt.no/adkomst/
Henting av bagasje fra bmmen ved nasjonalparkgrensa: Etter avatale med vertskapet kan bagasje hentast frå bommen til Glitterheim, altså frå grensen til nasjonalparken, 7 km frå hytta.
Med offentleg transport kan du ta buss eller tog til Otta, så ordnar vi resten frå Glitterheim – på bestilling.
Om vinteren er det ikkje brøytt veg inn til Glitterheim, men vertskapet transporterer sine gjestar med beltebil/snøscooter frå Veoli i Sjodalen, ca 10 min. køyring frå Randsverk.
All transport frå Veoli må bestillast på Glitterheim, gl-heim@online.no eller på telefon: 900 15 529/ 994 25 915
Vanlege avganger om vinteren er frå Veoli kl 16.00 Retur frå Glitterheim etter frukost.
* Ope for booking i sesong.
Sjå nettside for nærmare info.