For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Austre Leirungstinden (2288 m.o.h.)

TypeTopptur vinter

2680, Vågå

+4761212990

Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Austre Leirungstinden er eit fjell i Vågå kommune, tilgjengeleg frå Valdresflye. Med ei høgde på 2 288 meter over havet, er dette det 23. høgaste fjellet i landet. Austre Leirungstinden ligg ved Skarvflyløyftbrean like søraust for Knutsholstinden.

Beste utgangspunkt: Sør for Heimdalsmunnen, langs Fv. 51, Valdresflye
Høgdeforskjell: Ca. 900 høgdemeter
Antatt tidsbruk: 7-8 timar (tur-retur). 
Utstyr: Fjelltelemark, randonnée og fjellski.
Vanskelighetsgrad: 
Opp: Middels
Ned: Enkel
Vegval: Lang tur med jamn stigning

Austre Leirungstinden ligg i den austlege delen av Jotunheimen, sentralt plassert i tinderekka på nordsida av Leirungsdalen, med avgang frå Valdresflye. Når FV 51 er vinterstengt med bom ved Maurvangen, er det ganske lang innmars på denne turen, da du følger fylkesvegen til omlag 1 km. sør for Heimdalsmunnen, og tek ein inn mot Leirungsdalen, med Raudhamran (1437 moh.) på di venstre side. Om du vel å gå denne turen midtvinters, er fjellski eit godt alternativ grunna innmarsjen.

Følg Leirungsdalen innover og deretter markert rygg opp til Skarvflyløyftbrean. Her blir det bratt, men bredt og luftig frem til sørryggen. 

Austre Leirungstinden er normalt kurant å bestige om vinteren, men ein må alltid vurdere rasfare. Opp sørryggen av fjellet er det ganske ofte avblåst og relativt liten rasfare. 

Adkomst: Vegen over Valdresflya blir normalt sett brøytt til 1.mai kvart år. Parker i vegkanten omlag 1 km. sør for Heidalsmunnen -  og legg ut på tur! 

Kart: Turkart Jotunheimen Aust eller Beitostølen i 1:50 000 fra Ugland It Group AS.

Kart

Veibeskrivelse

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.

Sjå meir

Topptur på ski: Besseggen vintertur, VågåBESSEGGEN VINTERTUR PÅ SKI Har du sett den Gjendin-eggen nokon gong - kledd i kvitt? Kvart år går nærmare 60.000 den klassiske fjellturen over Besseggen i Jotunheimen. Om vinteren kan du ha eggen for deg sjøl.

Topptur på ski: Rasletinden (2105 m.o.h.), LomTOPPTUR TIL RASLETINDEN, 2105 m.o.h. Enkelt tilgjengeleg 2000-meterstopp frå Valdresflye.

Nasjonal turistveg Valdresflye (FV 51), VågåNasjonal turistveg Valdresflye, fylkesveg 51, går mellom Garli og Hindsæter med avstikkar til Gjende.

Topptur på ski: Besshøe (2258 m.o.h.), VågåTOPPTUR TIL BESSHØE 2258 m.o.h: Dominerande kjempe som ligg ved Gjende og ruvar over både Besseggen og Knutshøe.

Topptur på ski: Heimdalshøe (1843 moh.), LomFjelltoppen Heimdalshøe ligg 1843 moh. på Valdresflye, og er ein trygg og lett tilgjengeleg topptur heile vintersesongen. 

Fjellski i Jotunheimen | Langtur mellom Gjendesheim og Leirvassbu, VågåGira på ein lengre skitur til vinteren? Ta turen langs kvista løyper og høge fjell mellom turisthyttene Gjendesheim, Glitterheim, Spiterstulen og Leirvassbu.

Klassikaren i Jotunheimen | Rundtur frå hytte til hytte, Vågå«Klassikaren i Jotunheimen» er ein 5-dagars fjellskitur i hjertet av Jotunheimen nasjonalpark. Ruta følger merka vinterløyper mellom betjente turisthytter. Hele ruta er på totalt ca. 100 km, med dagsetapper som varierer i lengde fra 14 – 26 km.

Klassikaren i Jotunheimen | Fjellskitur frå hytte til hytte, VågåKlassikaren i Jotunheimen er ein rundtur på fjellski frå hytte til hytte i kremen av Jotunheimen. På denne turen får du oppleva det beste av Jotunheimen, både på ski gjennom fantastiske fjellområde, og komfortabel overnatting på betjente hytter med fullpensjon og god mat.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no