For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.
Antall resultater: 51
, vises for øyeblikket 1 til 20.
Lom
Teigen gard ligg 2,8 km vest for Lom sentrum og tilbyr overnatting i trivelege gardshus.
Bøverdalen
Den gamle slektsgarden - og kunsthotellet Elveseter har hatt besøk av turistar heilt sidan 1870-talet, og er eit av dei mest særeigne hotella i Noreg.
Lom
Spiterstulen turisthytte ligg 1111 m.o.h. ved foten av Galdhøpiggen, og Jotunheimen sine flottaste brear. Spiterstulen er eit perfekt utgangspunkt for fjellturar både om sommaren og vinteren.
Bøverdalen
Juvasshytta er Noregs høgstliggjande fjellstue og nærmaste utgangspunkt for turar til Galdhøpiggen.
Skjåk
Skjåkmat er ein lokalmatprodusent i fjellbygda Skjåk, som produserer eit rikt utval av kvalitetsmat under merkevara "Mat frå Skjåk".
Lom
Smak i Lom sel lokalprodusert mat- og drikkevarer i Lom sentrum. Ekte rummevafler og ekstra god kaffe!
Lom
Bakeriet i Lom ligg midt i Lom sentrum. Her kan du setje deg ned med ein bolle og ein god kopp kaffe. Om sommaren er det uteservering med pizza og hamburger.
Bøverdalen
Fjellhotell med utsikt mot majestetisk fjellandskap. Fokus på gode matopplevingar.
Lom
Andberg gard er ein idyllisk plass som ligg i gangavstand frå Lom sentrum. Her kan dei tilby overnatting i eit gamalt stabbur eller eldhus, som begge er pussa opp i seinare år.
Bøverdalen
Krossbu turisthytte er ei privat turisthytte frå 1901 som ligg idyllisk til ved Sognefjellsvegen, den høgste fjellovergangen i Nord-Europa.
Bøverdalen
Raubergstulen turisthytte ligg idyllisk til langs Galdhøpiggvegen, ved foten av Norges tak; Galdhøpiggen.
Lom
Sjarmerande tømmerhytte med 3 soverom for fem personar. Hotellstandard. Allergivennlig, ikkje tillat med dyr.
Lom
På Lom camping bur du 300 meter vest for Lom sentrum ved Fv. 55, Sognefjellsvegen. Plass for bubil, campingvogn og telt.
Lom
Turisthytta Glitterheim ligg i Veodalen ved foten av Norges nest høgaste fjell Glittertinden. Her bur du midt i kremen av Jotunheimen, og kan nyte turar til ei rekkje toppar.
Lom
Gjendebu ligg flott til i den innerste enden av Gjende, midt i hjertet av Jotunheimen - krinsa av flust av 2000-meterstoppar som innbyr til råe fjellturar med mektig utsikt.
Lom
På BrimiBue i Lom sentrum er det eit moderne og stilfullt hotell i andre etasje.
Lom
Sentral'n Kafé og Isbar er ein isbar midt i Lom sentrum. Kjent for elgburgeren sin, dalen største utval av kuleis og god kaffe!
Lom
Bo i ei eldre sjarmerande hytte knytt til Fossheim hotell i Lom. Hotellstandard med frukost servert på hotellet. Det er lov ha med hund på hytta.
Lom
Nordal turistsenter ligg midt i nasjonalparklandsbyen Lom, og er eit tradisjonsrikt hotell med campingplass og restaurant.
Bøverdalen
Røisheim hotell er ein gamal verna skysstasjon (frå 1858) med ei heilt unik atmosfære og eit berømt kjøkken. Måltid i gourmet-klassa høyrer med til opplevinga.