For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.
I meir enn 100 år har familien Nordal arbeidd for å gje ferdafolk alt dei treng. Det tradisjonsrike hotellet med campingplass ligg midt i Lom nasjonalparklandsby- i det kulinariske smørauga i Gudbrandsdalen.
På Nordal bur du dessutan i stutt avstand til fiske, sjåverdigheiter og andre aktivitetar.
Hotell:
Hotellet har heimekoseleg særpreg med triveleg interiør. Her er det totalt 18 rom med TV, trådlaust internett og bad med dusj og toalett. Her kan du vakne opp til utsikt mot den brusande Prestfossen, den mektige Lomseggen eller den ærverdige Lomskyrkja. Hotellet eignar seg godt for bryllaup, jubileum, møter og andre samlingar.
Hytter:
På Nordal turistsenter kan du også overnatte i hytter. Du vel sjølv om du vil bu i ein enkel og rimeleg hytte, eller i ei av dei større hyttene som har det meste av det du forventar å finne av fasilitetar når du leiger ei moderne campinghytte. Det er 64 hytter hjå oss. Dei fleste med dusj og toalett.
Camping:
Er du på veg til Lom, og på utkikk etter overnatting i hytte? Nordal Turistsenter ligg midt i Lom sentrum, og har både små og store campinghytter.
Nordal camping i Lom er ein moderne og triveleg campingplass i naturskjønne omgjevnader – midt i hjarta av Jotunheimen. Campingplassen har plass til 120 einheiter, og det er enkelt å ta seg fram med både bubil og campingvogn. Dette er ein 4-stjerners campingplass med leikeplass, kafé m/leikerom, spisesal, pub, gatekjøken, storkiosk og bensinstasjon. Nordal servicesenter (Esso) har tømmestasjon for kjemikalietoalett.
Fjoset Pub: Lyst til å oppleva ein pub utanom det vanlege? Fjoset Pub i Lom byr på heimekoseleg godstemning med någå attåt. Nordalsfjoset er eit 90 år gamalt fjos som er godt ivareteke og ombygd til pub. Her er det garantert god stemning i lune omgjevnader.
I høgsesongen er Fjoset Pub open kvar kveld. Elles i året er puben open kvar fredag og laurdag 21:00 – 02:00.