Velkomen til det mest fjellrike landskapet i Noreg. Her ligg alt til rette for fotturar i frodige dalar og over høge toppar, til å utforske mektige isbrear og glitrande innsjøer. Heile området er eit eldorado for store natur- og kulturopplevingar.
Innanfor Jotunheimen nasjonalpark finn du dei høgaste fjella i Noreg, og kan du nyte den fantastiske utsikta frå toppen av Nord-Europas høgaste fjell, Galdhøpiggen, vandre frå hytte til hytte eller la ein kjentmann syne deg det beste av fjellet eller isbreane. Besøk istunnelen i Klimaparken eller få eit skikkeleg adrenalinkick i zipline over Prestfossen i Lom sentrum. Kulturen og lokal mat er ein naturleg del av opplevinga som ventar på deg i Lom og Jotunheimen.