Opplev fjella og naturen frå hesteryggen. Dette er garantert ei minneverdig oppleving for folk i alle aldre. Å ferdast i fjellet med hest - gjennom frodig natur er ein unik kombinasjon av å vere tett på dyra og det storslåtte landskapet.
Våre aktivitetsselskap arrangerer varierte rideturar for alle nivå og tilpassar rideturane til kvar enkelt rytter slik at turane blir ei god oppleving for alle. Hestane er barnevennlege, og dette er difor ein super aktivitet for heile familien.