Opplev aurefiske i Jotunheimen! Kombiner neste fjelltur med fisking - og tilfør enda ei oppleving på di ferd gjennom den storslåtte naturen i Jotunheimen nasjonalpark.
Lite kan måle seg med lyden av ein fersk aure som krullar seg i panna medan du sit og ser på at sola går ned over 2000- meterstoppane i Jotunheimen. Aktivt fiskestell har ført til at vi har fyrsteklasses fiske i det meste av små og store vatn i og rundt Jotunheimen, kor du kan teste fiskelykka i over 200 vatn og 300 kilometer med fiskeførande elvar. Her finn du alt i frå lett tilgjengeleg og barnevennleg fiske ved innfalsportane til nasjonalparken - til dei bortgjemte perlane med ekte fjellaure i dei sentrale delane av Jotunheimen.
Fiskebestand
Ikkje alle er klar over er at det er fisk i dei fleste fjellvatn. Ørret, eller aure, er einaste fiskeslaget i alle vatn og elver. Mange stader er det mogleg å dra i land fjellaure på 2-3 kilo. Å kjenne storauren rykker kan vere eit skikkeleg adrenalinkick!
Mange av fjellvatna ligg så høgt at det ikkje er naturleg sjølvrekruttering. I mange av desse vatna setter difor dei lokale fjellstyra jamleg ut settefisk. Oversikt over tal fisk som er satt ut, på kva vatn, finn du på heimesida til Lom og Vågå fjellstyre. Det er ofte på dei høgtliggande vatna du tek dei største fiskane.
Fisking i Lom - på Skim:
Velkomen til ei av dei beste aure- og harrelvene i Nord-Europa. Her kan du fiske med stong, oter og snøre. Innbyggjarar i Lom kan òg fiske med garn. Du kan fiske midt i nasjonalparklandsbyen, Fossbergom, eller gå langs opparbeidd og merka stig langs solsida. På solsida finn du òg ei fiskekåte og fleire grillar. Frå Lom nasjonalparklandsby er det også merka mange turstigar ut i nærområdet. Turane er skildra i eiga turstigbrosjyre som også inneheld kart, denne er tilgjengeleg overalt i sentrum!
Kjøp av fiskekort:
Fiskekort for fiske på Skim får du kjøpt her i Lom sentrum: Norsk fjellsenter, Esso, Fjell og Fritid, Sport 1 Lom, Bergom klær sko og sport (2. etg. på Extra).
Garnfiske for alle!
Garnfiske, altså fiske med fastståande reidskap er ope for alle. Det kan vera maks 6 garn pr. kort og maks 6 garn i rekkja. Kvart garn skal ikkje vera lenger enn 25 m. Garnrekkjer skal vera godt merka med garnkuler eller lett synleg gjenstand og eigaren sitt namn. Det er ulovleg å stengja djupåra. Stong eller snøre som er utsett frå land vert rekna som fastståande reidskap. Mellom kl. 10.00 og 16.00 er det ikkje lov å ha garn eller reiv ståande i elva. Ved ulovleg fiske frå båt, når to eller fleire driv saman, blir roaren stilt på lik line med den som handterer reidskapen. Dei som er med i fisket må delta aktivt under heile fisket.
Fiske med stong er gratis for barn under 16 år. Det er òg innført fritt fiske for fiske med stong eller handsnøre for ungdom inntil det kalenderåret dei fyller 20 år - men ein må da løyse frikort. Dette er tilgjengeleg på Inatur. Aldersbevis må kunne visast fram ved kontroll. Det er tillate med fangst av kun ein fisk over 1 kg per dag til 1 mai. Brot på fiskereglane er straffbart og kan bli bøtelagt med gebyr. Det er organisert fiskeoppsyn.
Fiskekort for Jotunheimen:
Fiskekortet for Jotunheimen gjeld for stong og handsnøre i sentrale deler av Jotunheimen frå nasjonalparkgrensa i aust og nordaust til Fv. 55 Sognefjellsvegen i nord, eit område på nesten 1200 km2. Viktige vatn er Gjende (utanom Gjendeosen), Bessvatnet, Langvatnet, Leirvatnet og Preststeinvatnet. Dei viktigaste innfallsportane er Gjendeosen, Veodalen, Spiterstulen, Leirvassbu og Sognefjellet. Russvatnet er privat og er ikkje inkludert i ordninga. Kjøp fiskekort her.
Fleire fisketips og turbeskrivingar finn du i boka "Fiskevatn utenfor allfarveg" av Morten Wangen. Vi har ho i turistinformasjonen i Lom!
Kontaktinformasjon Lom fjellstyre:
www.lom-fjellstyre.no
E-post: lom@fjellstyrene.no
Kontorstad: Norsk fjellsenter
Fjelloppsyn Åsmund Galde: mobil 92893226
Sesongoppsyn Eilev Hellekveen 99712939
Meir informasjon om fiske og reglar, samt sal av fiskekort finn du på inatur.no. eller ved å klikke på boksane under: