For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.
Drøymer du om å fiske fjellørret i ekte høgfjellsnatur? I Skjåk kan du velje mellom 230 fiskevatn og 250 km med fiskeførande elver - finn ditt fjellfiskevatn mellom høge fjelltoppar eller endelause fjellvidder.
Skjåk almenning byr på rike moglegheiter for fjellfiske både i og utanfor nasjonalparkane våre, og er blant Noregs beste område for sportsfiske.
Her finn du over 200 vatn og tjønner frå nede i dalane og heilt opp til 1600 m.o.h. med aure som einaste fiskeart. I tillegg er det ca. 250 km. med fiskeførande elver. I nedste del hovudvassdraget er det både ørret og harr.
Du treng berre å løyse eit kort for å fiske i heile Skjåk! Barn under 16 år fiskar gratis med stong. Fleire av vatna våre husar aure av ypparste kvalitet, og vi satsar no på å leggje til rette for endå betre fiskeopplevingar gjennom ei rekke infrastrukturtiltak og ei meir aktiv forvaltning.
Ta kontakt med Skjåk allmenning om du ønskjer gode tips til fisketuren. Fiskekort får du kjøpt på dei fleste turiststadane i Skjåk, eller online på www.inatur.no.