For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.
Klar for eit lite kick, susande over brusande vatn i Prestfossen? Prestfosstraversen er ei såkalla zipline som går over den mektige Prestfossen midt i Lom sentrum, og under Ulstadbrua.
Ziplinen er ei spektakulær oppleving, med ein foss som spruter og kastar vatn opp mot deg og ei elv som bølgjer seg like under beina dine. Ein tur nedover Prestfossen er ei oppleving; nær alle kliv i land på Nordalsberget med ei intens meistringskjensle og eit breidt smil i andletet! Undervegs kan du vinke til gjestane på Bakeriet i Lom eller på Smak i Lom! Rushet er til å ta og kjenne på! Men la ikkje det skremme deg frå å prøve; Prestfosstraversen er ein snill zipline som dei fleste tør prøve.
Ein tur med Prestfosstraversen er ei oppleving og ei utfordring for dei aller fleste, og den eignar seg godt for både grupper, skuleklassar og den einskilde turist- og besøkjande. Aktiviteten tek heller ikkje lang tid, så dette er ein hyggelig liten sak ein kan ta seg tid til nesten uansett kor travelt ein har det.
I skuleferien om sommaren er aktiviteten ope kvar dag. Er dykk ei gruppe kan dykk gjerne ta kontakt for å gjera ei avtale eit anna tidspunkt dersom opningstida ikkje passar.
Oppmøte ved Norsk Fjellsenter som ligg på vestsida av brua midt i Lom sentrum.
Price 195,- NOK
Ta av i rundkjøringa i Lom sentrum mot rv. 15 Stryn, så fyrste til venstre inn ved Norsk Fjellsenter.
* The Zipline can be opened on request for groups (minimum 10 persons) outside opening hours.