For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Midtre Høgvagltinden (2066 m.o.h.)

TypeTopptur vinter

Leirdalen, 2687, Bøverdalen

+4761212990

  • Topptur Midtre Høgvagltinden
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Ove Nestvold

Om

Topptur til Midtre Høgvagltinden (2066 moh.) er ein enkelt tilgjengleg tur frå Leirvassbu turisthytte i Leirdalen.

Beste utgangspunkt: Leirvassbu turisthytte (1400moh.)
Høgdeforskjell: Ca. 670 meter 
Antatt tidsbruk: 4–5 timer, hvorav ½-1 time retur.
Ver obs på: Skredfare i nordveggen. Tidvis overhengande toppskavl.
Utstyr: Normalt toppturutstyr
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark, randonnée og fjellski. 
Vegval: Logisk
Bratteste parti: 30° i alternativ nedkøyring.

Fjellet Midtre Høgvagltinden er synleg frå dørhella på Leirvassbu, og er ein tur som eignar seg på både fjellski, med splitboard og randonnée-utstyr. Det er mest vanleg å legge kursen mot toppen over Høgvaglen eller rett vest for denne. Start da turen med å følge kvista løype mot turisthytta Olavsbu. Du har da fjellet Kyrkja til venstre for deg når du går oppover mot Høgvaglen, 1600 meter over havet. Det er lurt å følge denne ryggen bortover til du møter på Høgvaglbrean.

Kryss breen til bandet aust for toppen og over på søraustre del av Høgvaglbrean. Fylg denne i ein slak boge slik at inngangen til toppen blir frå søraust.

Nedkøyring følger primært same veg som bestiginga, men det er moglegheit for fleire nedkjøringsliner. Mot aust er det omlag 30 grader bratt før ein køyrer over i samme spor som oppstiginga. For dei som ynsker fart på adrenalinpumpa er det mogleg å gå rett ut fra toppskavlen, få over 50 graders innsteg og heftig brattkøyring ut på Høgvaglbrean. Alternativt kan du følge ryggen mot nordvest, til du kjem så langt ned at innsteget kjennes trygt for din eigen del. Deretter er det flott skikøyring over breen, der det er mogleg å velje mellom nedkøyring til Gravdalstjørnene eller Øvre Høgvagltjønnen. Bra skikøyring og ofte fine snøforhold på begge alternativa.

Ynsker du ein lengre tur er det eit godt alternativ å køyre ned i Simledalen og ta med seg ein av Rauddalstindane. I den 25–30 grader bratte sørsiden ned mot Simledalen vil det normalt vera noko mindre snø og kortare sesong enn på deiandre alternativa.

Meir info? Alle turbeskrivingar frå Leirdalen er skreve av Per-Arne Andersen, og er henta frå boka «På tur – Leirvassbu». Kart med inntegna ruter kan kjøpast på Leirvassbu.

Kart

Veibeskrivelse

I vintersesongen er vegen inn til Leirvassbu brøytt til Sletthamn, om lag 9 km etter du har køyrt av frå fv55. Her kan du parkere. Det er da ca 6 km frå parkeringsplassen og inn til hytta. Du kan gå på ski inn etter kvista løype, eller – viss du skal sove på Leirvassbu – bestille transport med scooter/beltevogn.

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.

Sjå meir

Leirvassbu | Turisthytte DNT, LomLeirvassbu fjellstue ligg idyllisk til ved Leirvatnet på 1400 meter over havet, og er eit ypperleg utgangspunkt for fjellvandring, toppturar, breturar, brekurs, matkurs, vårskiløping, klatring og fisking i fjellvatna.

Topptur på ski: Kyrkja (2032 m.o.h.), LomTOPPTUR TIL KYRKJA, 2133 m.o.h. Snøklatring på bratt rygg, men med enkel skikøyring ned att!

Topptur på ski: Stetinden (2020 m.o.h.), LomTOPPTUR TIL STETINDEN (2020 m.o.h) Velkjend skifjell med mange moglegheiter!

"Kyrkja" 2032 moh in Jotunheimen. Impressive peak wich resembles a church. Turtips: Kyrkja (2032 m.o.h.) frå Leirvassbu, LomFOTTUR TIL KYRKJA (2032 m.o.h): Det karakteristiske fjellet med toppen som likar eit kyrkjespir omtales som signaturfjellet i denne delen av Jotunheimen.

Turtips: Storbreahøe (2001 moh.) frå Leirdalen, LomFOTTUR TIL STORBREAHØE (2001 m.o.h): Fottur som bringer deg rett inn i hjarta av landets kanskje vakraste brelandskap. Ein mektig utkikkstopp i Jotunheimen.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no