Fossheim hotell
Fossheim hotell
  • img[2]

  • Visst ligg Fossheim i ein liten avkrok i verda; innunder høge toppar og bratte fjellsider i Lom. Men ein susar ikkje forbi Lom – ein stoppar opp – tek eit frikvarter – opplever med alle sansar – kosar seg. Slik er det å koma til Fossheim.

    Tenk deg eit opphald full av lukt, smak, oppleving og inntrykk.

    Fossheim Hotell er eit familiedreve hotell midt i nasjonalparklandsbyen Lom, som i dag blir drifta av tredje- og fjerdegenerasjon – Svein og Heidrun Garmo. Vi som vertskap ynskjer at å koma hit skal vera som å koma heim til oss.

    På Fossheim er vi veldig stolte av maten og det fantastiske kjøkenet vårt. Fossheim Hotell har gjeve mat og kvile til ferdafolk og fjellfolk i over 100 år. Her står gilde tømrahus i pakt med god byggeskikk. Kunst og antikvitetar er med på å skape ei særeigen stemning.
    Velkomne!

    Vi har flotte rom i hovedbygg og anneks. I tillegg har vi to trivlege tømmerhytter med hotellstandart.
    Spisesalen vår er open kvar dag.

    Hotellet er ope heile året, med unntak mellom jul og nyttår.

    Heimeside: www.fossheimhotel.no

    Facebookside: Fossheim hotell

  • For prisar ta kontakt med resepsjon:
    Epost: resepsjon@fossheimhotel.no
    Tlf: 61219500

    Booking via hjemmeside: www.fossheimhotel.no eller http://www.dehistoriske.no/hotell/fossheim-hotell/

  • Epost: resepsjon@fossheimhotel.no
    Tlf: 61219500

    Hjemmeside: www.fossheimhotel.no
    Facebookside: Fossheim turisthotell

Elveseter kunst- og kulturhotell
Elveseter kunst- og kulturhotell
  • Elveseter Kunst – og Kulturhotell er omgjeve av mektig natur i hjartet av Jotunheimen ved foten av Galdhøpiggen, med kort veg til Lom og Sognefjellet. Dette gjev moglegheieter for fleirfoldige turar og aktivitetar. Saman med våre samarbeidspartnarar skreddersyr vi opplevingar tilpassa dei fleste grupper og samansetningar, og de kan få med dykk utrolige minner frå flotte fjellturar, Galdhøpiggen og andre 2000-meterstoppar, brevandringer, grotteturar, rafting, fisking og myjke meir.

    På Elveseter Kunst – og Kulturhotell finnast det ikkje to rom som er like. Det er eit stort spenn på størrelsen, samt interiøret, men vi har likevel to kategorier rom og det er “Standard rom” og “Go’ rom”.


    Vi har også flotte leiligheter med mini kjøkken for de som ønsker å lage mat selv. Leilighetene ligger i ”Omongard”, ca 300 meter fra hovedbygget. I disse leilighetene har vi skapt en unik atmosfære av de gamle og ærverdige stuene på Elveseter. Vi kan derfor tilfredstille våre gjester med noe for enhver smak, og for et hvert budsjett.

    Sesong:23.mai – 25.oktober

  • Pris: Ta kontakt.

    Bookingforespørslar: www.elveseter.no/booking

  • Telefon: 61 21 99 00
    E-post: elveseter@topofnorway.no
    Nettside: www.elveseter.no

Røisheim Hotell
Røisheim Hotell
  • Røisheim ligg ved Sognefjellsvegen ca. 15 km vest for Lom. Røisheim har sidan 1858 vore skysstasjon og eit naturleg stoppestad på vegen mellom Lom i aust og Luster i vest. Sognefjellsvegen er Noregs høgaste fjellovergang og vegen er vinterstengt til ca 1. mai, men vegen frå Lom til Røisheim er alltid open.

    Vakre Røisheim er ein gammel skysstasjon med verna hus i tun frå 1700-tallet. Plassen har lang tradisjon i å ta vare på kresne og eventyrlystne fjellturistar – anten dei ynskjer seg til tindane i Jotunheimen eller søkjer den gamle og verna skysstasjonens atomsfære og berømte og gode mat.

    Tunet består av 14 verneverdige stuer i frodig landskap og 24 flotte restaurerte rom. Noken av romma har peis og andre har himmelseng eller stamp på badet. Alle rom har bad eller dusj.

    Meir unik og fredfylt atmosfære enn det Røisheim kan gje deg, vil du leite lenge etter.Vertskapet sørger for at gjestane blir teke hand om på aller beste måte.

    Sesong 2016: 1. mai – 1. oktober

    Velkomen!

  • Telefon: +47 61 21 20 31
    Postadresse: 2687 Bøverdalen
    Kontaktperson: Erik Teigum
    web: www.roisheim.no
    Mail: post@roisheim.no
    Mobil: 905 50 633

Fossberg hotell
Fossberg hotell
Andvord gard
Andvord gard
  • Pust med magen, ta inn naturen og nyt god mat og drikke i komfortable og eksklusive omgivnader midt i Jotunheimen. Andvord gard er ein avstikkar frå kvardagen, skreddersydd for deg og ditt selskap.

    Om du tek med gutta på tur, kjærasten på romantisk weekend eller skal ha eit viktig styremøte, så set vi saman eit unikt opphald til nettopp dykk.

  • Vi ynskjer å tilby våre gjestar eit skreddarsydd opphald uansett når på året besøket gjeld. For reservasjonar og informasjon om tilgjengeleghet ber vi deg ta kontakt med oss direkte på telefon 982 20 375.

  • Telefon: 982 20 375
    E-post: post@andvordgard.no
    Nettside: www.andvordgard.no

    Adresse:
    Andvord Gard
    Solsidevegen 73
    2686 Lom

Nordal Hotell
Nordal Hotell
Jotunheimen Fjellstue
Jotunheimen Fjellstue