For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.
Den sjarmerande garden Galde Uppigard ligg i fredelege og idylliske omgjevnader i Bøverdalen, med kort veg til Galdhøpiggen sommarskisenter, Sognefjellet og alle Jotunheimen sine majestetiske fjellområde.
Om du er ute etter overnatting ved Galdhøpiggen, og vil bu mellom tjukke trivelege tømmerveggar, er Galde Uppigard verdt eit besøk. Staden er eit perfekt utgangspunkt for skitrening – både alpint og langrenn – turar til fjord og fjell, jakt og fiske. Det er kun ein kilometer til nærmaste butikk. Fin barnevennleg plass beståande av nye og gamle hus med alle fasilitetar.
I det gamle tunet finn du fred og ro, og i Gamlestova som er frå 1719-talet kan du kose deg og brenne på peisen og føle at du bur i eit hus med sjel. Usjenert fin uteplass bak Gamlestova.
Kårstugu: Fint gammalt hus med 14 sengeplassar (4 soverom), stor stue med TV, stort kjøkken med oppvaskmaskin – godt utstyrt til 25 personar. 2 dusjar og toalett.
Dalastugu: Nyrestaurert hus med 2 soverom (6 sengeplassar), stue med TV, kjøkkenkrok med oppvaskmaskin, dusj og toalett.
Loftet: Soverom med 3 senger, stue med TV, kjøkkenkrok med oppvaskmaskin, dusj og toalett.
Stabburet: 4 senger, kjøkkenkrok.
Biblioteket: 2 senger, kjøkkenkrok.
Gamlestova: Opphaldsrom.
Du har elles både sanitæranlegg, tørkerom, klevaskemaskin, smørebu og gratis internett på garden.
Vertskape Reidun og Arne ynskjer deg hjartleg velkomen som gjest på Galde Uppigard!
Du må gjerne ringe dei for pris og ein triveleg prat.
Til garden: Følg FV 55 til kyrkja i Bøverdalen (20 km fra Lom) – ta av til høgre over brua – sving til høgre etter brua – følg elva ca. 400 m og sving til venstre.