Turtips: Spiterstulen til Juvasshytta via Heimresætre
TypeVandring
+ 47 61 21 20 31
For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.
+ 47 61 21 20 31
Visste du at du kan gå på godt merka sti frå Visdalen til Juvasshytta? Turen frå Heimresætre til Juvasshytta går i frodig terreng på godt merka sti.
Turen til Juvasshytta, turisthytta ved foten av Galdhøpiggen, startar frå Heimresætre, som ligg langs vegen som går inn til Spiterstulen turisthytte i Visdalen.
Terreng: Jamn stigning oppover på skogssti
Høgdemeter: Ca. 933 høgdemeter (frå Heimresætre i Visdalen 900 moh. til Juvasshytta 1840 meter over havet.)
Stigning: Gjennomsnitt: 20,5 % stigning
Turen startar ved brua ved Heimresætre, 900 meter over havet. Her går du på godt merka sti oppover skogen i kupert terreng. Du vil snart få flott utsikt over den eventyrlege Visdalen. Juvasshytta ligg 1840 meter over havet.
Start på Spiterstulen?
Om du har base på Spiterstulen, følger du fyrst Visdalsvegen nedover (mot Lom) i ca. 5 kilometer til du kjem til Heimresætre. Her tek du av mot vesntre, kryssar ei bru og fortsett vidare oppover i terreng, som beskreve over. Totalt er turen frå Spiterstulen 9,2 km med ei høgdeauke på 1107 m.