I vakre og frodige Dumdalen finn du 10.000 år gamle kalksteinsgrotter danna under siste istid. Er du klar for ei oppdagingsferd under bakken?
Dumdalen ligger rett sør for Bøverton ved nasjonal turistveg Sognefjellet (FV 55). Dette er ein fin dal for turar i slakt terreng, og altså ein dal som skjuler spanande underjordiske grotter som det er mogleg å gå ned i.
Korleis oppstår grotter? I løpet av noken tusen eller millionar år løyser surt vatn opp marmor som blir vaska bort saman med porøse bergarter, medan dei harde består. Slik oppstår grotter. I Dumdalen har elva Dumma har gravd ut og skapt spanande formasjonar under bakken. Her finn du både romslege grotter og smale passasjer i 7-8 kalksteinsgrotter. Her kjem ein tett på underlege bergformasjonar, og ei merkeleg stillheit blandast med kraftige elvebrus.
Om grotteturen: Turen startar med korte avstandar, store rom og lys gjennom opningar i fjellet. Etter kvart auker lengda, romkjensla blir redusert og det einaste ljoset er frå hovudlyktene. Ein tur til Dumdalsgrottene egnar seg òg godt på regnvêrsdager. Turen pasar for både barn og vaksne, og er ein ypperlege familieaktivitet. Om du ikkje ynskjer å fordjupe deg i kalsteinsgrottenes mørke ganger, så er Dumdalen er ein idyllisk dal med svært rikt planteliv og flott turterreng, så om du trivst best på overflata, er det mogleg å få ein super tur likevel!
Gira på å utforske 10.000 år gamle kalksteinsgrotter? Fyrst og Fremst tek deg med på ei guida oppleving i undergrunnen i Dumdalen langs Sognefjellsvegen.