For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Vårskitur i Gjendealpane

TypeTopptur vinter

2680, Vågå

+4761212990

Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Unn deg eit høgfjellseventyr på fjellski eller topptur-ski i Gjendealpane. Her er det mogleg å tinderangle over fleire 2000-meterstoppar - i lettgått og storslått tindeterreng i Jotunheimen. 

Beste utgangspunkt: Flye 1389, toppen av Fv. 51, Valdresflye (Merk at vegen er vinterstengt over fjellet mellom Garli og Maurvangen, normalt fram til ca. 1.april)
Høgdeforskjell: Frå 700 - 2000 høgdemeter (avhengig av kor mange toppar du plukkar med deg). 
Antatt tidsbruk: 7-10 timar (tur-retur). 
Lengde: 37 kilometer totalt (om du plukker alle toppane som beskreve her)
Utstyr: Fjelltelemark, randonnée og fjellski.
Vegval: Lang tur med jamn stigning

Denne skituren startar 1400 meter over havet - på toppen av Valdresflya. Her kan du spenne på deg fjellski med stålkanter eller randonnéeutstyr (opp til deg!) og løfte blikket. Dagens fyrste 2000-meterstopp er Rasletinden (2105 moh.) - som du når etter ca. 700 høgdemeter. Om du samlar på 2000-meterstoppar, kan du fyrst gå oppom punktet 2010 moh., Øystre Rasletinden - og etter Rasletinden, plukke med deg Sørvestre Rasletinden (2025 moh.). Herfra går det slag i slag: Kalvehøgde Ø2 (2088 moh.), Munken (2105 moh.) (ut på ryggen mot høgre for Mugna), Mugna (2159 moh.) før du kan gå vidare til Austre (2178 moh), Midtre (2122) moh) og Vestre (2208 moh) Kalvehøgde. Frå her kan du òg plukke med deg Nørdre Kalvehølotinden 82019 moh.) innan du vender skituppane heimover, same veg som du kom. 

Dette er ein fantastisk skitur som - litt avhengig av kva primærfaktor du brukar -  kan resultere i bestigning av 8-10 2000-meterstoppar på ein dag. Terrenget er relativt lettgått.  

​​Adkomst: Vegen over Valdresflya blir normalt sett brøytt til 1.mai kvart år. Parker ved kafeen Flye 1398, på toppen av Valdresflye.
Kart: Turkart "Jotunheimen Aust" 1: 50 000

Kart

Veibeskrivelse

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.

Sjå meir

Topptur på ski: Besseggen vintertur, VågåBESSEGGEN VINTERTUR PÅ SKI Har du sett den Gjendin-eggen nokon gong - kledd i kvitt? Kvart år går nærmare 60.000 den klassiske fjellturen over Besseggen i Jotunheimen. Om vinteren kan du ha eggen for deg sjøl.

Topptur på ski: Rasletinden (2105 m.o.h.), LomTOPPTUR TIL RASLETINDEN, 2105 m.o.h. Enkelt tilgjengeleg 2000-meterstopp frå Valdresflye.

Nasjonal turistveg Valdresflye (FV 51), VågåNasjonal turistveg Valdresflye, fylkesveg 51, går mellom Garli og Hindsæter med avstikkar til Gjende.

Topptur på ski: Besshøe (2258 m.o.h.), VågåTOPPTUR TIL BESSHØE 2258 m.o.h: Dominerande kjempe som ligg ved Gjende og ruvar over både Besseggen og Knutshøe.

Topptur på ski: Heimdalshøe (1843 moh.), LomFjelltoppen Heimdalshøe ligg 1843 moh. på Valdresflye, og er ein trygg og lett tilgjengeleg topptur heile vintersesongen. 

Fjellski i Jotunheimen | Langtur mellom Gjendesheim og Leirvassbu, VågåGira på ein lengre skitur til vinteren? Ta turen langs kvista løyper og høge fjell mellom turisthyttene Gjendesheim, Glitterheim, Spiterstulen og Leirvassbu.

Klassikaren i Jotunheimen | Rundtur frå hytte til hytte, Vågå«Klassikaren i Jotunheimen» er ein 5-dagars fjellskitur i hjertet av Jotunheimen nasjonalpark. Ruta følger merka vinterløyper mellom betjente turisthytter. Hele ruta er på totalt ca. 100 km, med dagsetapper som varierer i lengde fra 14 – 26 km.

Klassikaren i Jotunheimen | Fjellskitur frå hytte til hytte, VågåKlassikaren i Jotunheimen er ein rundtur på fjellski frå hytte til hytte i kremen av Jotunheimen. På denne turen får du oppleva det beste av Jotunheimen, både på ski gjennom fantastiske fjellområde, og komfortabel overnatting på betjente hytter med fullpensjon og god mat.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no