Galdhøpiggen sommarskisenter ligg ved foten av Galdhøpiggen, 1850 meter over havet - på Juvbreen. Skisenteret er eit av få i Noreg som ligg på ein isbree.
Skitrekket er sikra til breisen, som er i konstant bevegelse ned mot Juvvatnet. Det klare, grøne isvannet står i kontrast til det omkringliggande permafrostlandskapet. Galdhøpiggen sommarskisenter, som ofte blir kalla "Juvass", er den foretrukne treningsarenaen for mange profesjonelle lag frå hele verden. Her kan du og familien nyte kombinasjonen av sol, ski og slush-føre om sommaren - i skisenteret som ligg høgast over havet i heile Skandinavia.
Anlegget har ein T-krokheis og ei 1400 meter lang nedkøyring. Sesongen er vanligvis frå slutten av mai til oktober.