Sognefjellsvegen | Nasjonal turistveg Sognefjellet (FV 55)
TypeNasjonal turistveg
175
For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.
175
Sognefjellsvegen (Fv.55) - Nasjonal turistveg Sognefjellet - går mellom Lom og Gaupne og er Nord-Europas høgaste fjellovergang.
Den nasjonale turistvegen tek deg frå Lom nasjonalparklandsby og over den høgaste fjellovergangen i Norge - til inst i Sognefjorden. Frå dei grøne engene og det frodige kulturlandskapet i Bøverdalen, stig vegen opp gjennom dalen til toppunktet på Sognefjellet, 1434 meter over havet. Vegen er totalt 108 km.
Om vegen:
Vegen startar i Lom, og allereie før du kjører ut av den vesle bygda tek forventningane til å byggje seg opp. Det er ikkje alle turistvegar som har ei slik naturleg dramaturgisk oppbygging med mange og mektige inntrykk. Langs vegen ligg utsiktspunkta og ventar på at du skal ta ein pause og verkeleg la naturen synke inn.
På Mefjellet rasteplass finn vi Knut Wolds steinskulptur som lar oss sjå fjellandskapet på ein annen måte. På vegen vidare ned mot Sognefjorden viser fjellheimen seg fra si villaste side. Der Hurrungane kneiser mot himmelen slepp fjellet plutseleg taket og landskapet endrar seg igjen. Ut mot Gaupne, som er endepunktet på strekninga, går vegen heilt nede langs den vakre Sognefjorden der det klare vatnet endrar seg fra grønt til blått etter lys og ver.
Kva gjer du når du er framme? Tar ein pust i bakken, og lar inntrykka falle til ro. Nokon snur og kjører samme vegen tilbake, og blir overraska over kor annleis alt er. Alt er det same, men likevel er det som å sjå naturen på ny.
Sykling langs Sognefjellsvegen:
Å sykle over Sognefjellsvegen er ei stor oppleving. Om du vel å starte med den brattaste klatringa innerst i Sognefjorden, går vegen opp frå Skjolden forbi Turtagrø med partier med opp mot 16% stigning. Her syklar du frå den smaragdgrøne Lustrafjorden til den blågrøne Bøverdalen, med den råaste klatringa og vakraste nedkøyringa. Søtmat og saltmat på Sognefjellshytta og Turtagrø hotell. Meir info her/vegtur.no
Historia:
Vegen over Sognefjellet var ei viktig ferdselsåre som batt kysten og innlandet saman. Det var handelstrafikk som frakta salt og fisk austover, mens smør, tjøre og skinn vart frakta vestover. I gamle dagar var det ikkje utan risiko å ferdast over fjellet - i fjellet var det fant som rana vegfarande og handelsmenn.
Naturen har også ein styrke det kan være vanskeleg for mennesker å utfordre. På vinterstid er veret så hardt og snømengdene så store at det er uråd å halde vegen open. Tar du turen rett etter opninga om våren, vil dei opptil ti meter høge brøytekantane være eit synleg bevis på styrkeforholdet i fjellet om vinteren. Det er naturen som bestemmer, og vi får ei påminning om at det er vi som må innrette oss.
Vintervarsel: Sognefjellsvegen over fjellet mellom Rustasætre/Vegaskjelet og Turtagrø er normalt vinterstengd i november og opnar att i mai. Tidlegare stengingar har vore 17. november til 17. desember. Tidlegare opningar har vore 12. april til 1. mai.
Det er viktig å merke seg at når vegane opnar for sommaren kan dei i ein periode bli stengt om natta. Våren er lunefull i fjellet og vegen kan ved uvær bli stengt på kort varsel.
Kjelde/informasjon: Nasjonale turistveger
Veg og trafikkinformasjon - telefon 175. Kart med oppdaterte trafikkmeldinger >> GPS: Lom: 61.831129, 8.554187 Gaupne: 61.395127, 7.303172
Gpx-fil for nedlasting!
* Vegen over fjellet mellom Liasanden og Turtagrø er normalt stengt i november og opnas i mai.