For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.
Surtningssue er Vågå sitt høgaste fjell (2386 m.o.h.) og det 7. høgste fjellet i landet.
Beste utgangspunkt: Glitterheim turisthytte
Høgdeforskjell: ca 1000 høgdemeter
Antatt tidsbruk: 6-10 timar, ettersom kor mange toppar ein plukkar med seg på vegen.
Utstyr: Normalt toppturutstyr
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark og randonnée.
Vanskelighetsvurdering:
Opp: Middels
Ned: Middels
Mange går til Surtningssui om vinteren, anten langs ryggen frå Styggehøbreskaret til Surtningshui eller ved å gå mot Russvatnet frå Glitterheim opp til toppane før Surtningssui og over breen til Surtningssui. Dette er ein lang tur og krever både erfaring og kunnskap. Resepsjonen i Glitterheim er oppdatert på forholda i sesongen.
Frå Glitterheim turisthytte, som ligg 1390 m.o.h. er det enkel ankomst til Styggehøbreen og Veotindane. Veotind 2240 moh. og Høgste Veotind 2267 moh. er lette å bestige frå kvista rute til Memurubu. Du kan og ta med fleire toppar i området; som Nordre Veotind, Styggehøbretinder, Sage osv.
* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.