For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Store Bukkeholstinden (2213 m.o.h.)

TypeTopptur vinter

Leirdalsvegen, 2687, Bøverdalen
Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Er du klar for ei krevjande utfordring vert du her løna med moglegheit for bratte lineval på heimvegen!

Beste utgangspunkt: Leirvassbu, Spiterstulen eller Geitsætre i Leirdalen
Høgdeforskjell: Ca. 950 meter fra Spiterstulen, 650 meter fra Leirvassbu 
Turlengde: 6–8 timer, hvorav 1–2 timer retur
Ver obs på: Overhengende skavler og skredfare fra toppeggen. Store og tidvis åpne bresprekker i dei bratte delane av breen.
Utstyr: Normalt toppturutstyr + isøks, stegjern og skarejern. Breutstyr må vurderes.
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark, randonnée og fjellski
Vanskelighetsvurdering:
Opp: Krevende
Ned: Middels 
Vegval: Vurderings- og navigasjonskrevende
Brattaste parti: 30° 

Frå Spiterstulen følger du kvista løype gjennom Visdalen til ca. 1300 meters høgde. Frå her skrår du oppover i retning Bukkeholsbrean. Breen er best å gå på høgre side oppover for å unngå den brattaste og mest oppsprukne delen. Når du har kome opp på sjølve breplatået siktar du deg inn på venstre side av Store Bukkeholstinden. Dei fleste vel å legge att skia her og klyve den bratte ryggen til topps. Retur gjerast normalt same veg attende, men for folk med appetitt på bratt skikøyring er det mogleg å få nedkøyring i 40 – 45 grader bratt terreng ned til Tverrbytnede. Turen er og fin å kombinere med Søre Bukkeholstinden. For å komme til topps på denne legg ein vanlegvis att skia eit lite stykke nedanfor toppunktet, og så bestigast den delvis bratte og luftige ryggen til topps. Bukkeholstindene er ypparleg å legge inn som del av ei høgrute mellom Leirvassbu og Spiterstulen. Er Spiterstulen dagens endestasjon vil eit flott nedkøyringsalternativ vera å krysse Bukkeholsbrean austover, og køyre ned til Visdalen i det bratte terrenget på sørsida av Bukkeholsbekken. Normalt er det gode snøforhold på begge alternativa til langt ut i mai. 

Alternative toppturer fra Bukkeholsbrean: Bukkeholsbrean er ein av mange isbreer som er godt eigna til toppturar på ski. Ynsker du ein lengre topptur kan turen over Bukkeholsbrean forlengast til i herlege skifjell som sluttar seg til breen.

VIKTIG INFORMASJON
Kryssing av elv: Om våren vert elva Leira kryssa av mange, ofte på små område der det ligg att snø. Snøsituasjonen nede i dalen varierar frå år til år, og det er difor uvisst kor lenge dette er forsvarleg. Det er viktig å gjere grundige vurderingar før du kryssar eit snøfelt over elva. Er du i tvil, vil ein omveg vere beste alternativ.

Parkering: Skagsnebb, Bakarste Skagsnebb, Veslbreatinden, Storbreahøe og Veslfjelltinden er turar som startar ved Geitsetre, og kryssing over Geitbrua. Geitsetre ligg ca. 5 km inn i Leirdalen etter avkøyring frå riksvei 55. Det er normalt greit å parkere på vegskuldra og naturlege «lommar» i terrenget.

Meir info? Alle turbeskrivingar frå Leirdalen er skreve av Per-Arne Andersen, og er henta frå boka «På tur – Leirvassbu». Kart med inntegna ruter kan kjøpast på Leirvassbu.

Kart

Veibeskrivelse

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no