For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Galdhøpiggen (2469 m.o.h.) - frå Spiterstulen

TypeTopptur vinter

Galdhøpiggvegen 460, 2687, Bøverdalen

+4761212990

Product Image
  • Product Image
  • Galdhøpiggen vintertur
  • Product Image

Om

Kanskje har du gått til Galdhøpiggen frå Spiterstulen turisthytte om sommaren, men har du køyrt ned frå Norges høgaste fjell på ski? I vårskisesongen er Galdhøpiggen ein flott skitopp med bratt og lang nedkjøring mot turisthytta Spiterstulen.

​​​Beste utgangspunkt: Spiterstulen turisthytte, 1100 moh. i Visdalen
Antall høgdemeter totalt: Ca. 1465 høgdemeter.
Turlengde: Totalt ca 11 km/ ca. 7 timar tur-retur
Ver obs på: 
Utstyr: Fjellski eller normalt toppturutstyr + isøks, stegjern. Bre- og sikringsutstyr ved ferdsel på bre.
Anbefalt skiutstyr: Fjellski eller randonne
Vanskelighetsvurdering:
Opp: Krevjande
Ned: Krevjande
Brattaste parti: Over 30 grader.

Turen startar ved Spiterstulen turisthytte (1100 m.o.h.) i Visdalen. Vegen innover dalen er brøytt og ope når hytta opnar, vanlegvis i byrjinga av mars kvart år. 

Turen går i stor grad langs sommarruta, med jamn og bratt stigning til ein kjem oppå «platået» om lag 1800 moh., og ser Svellnose (2272 moh). Allereie frå start er det mange småheng og bratt terreng rundt sommarruta, så gode vegval er viktig for å ikkje gå seg inn i for bratt terreng. For å koma opp til Svellnose er det tryggaste alternativet å koma seg opp på sjølve ryggen. Her vert det brattare, smalare, og på di høgre hand er det stup ned på Styggebrean. Ved fine snøforhold går ein enkelt forbi her. Nokre går på ski, men mange vel òg å gå dette partiet på føtene med ski på sekken. Vær obs på at det kan vera isete og hardt slik at stegjern og isøks er nødvendig. Den «skålforma» sida under Svellnose kan ved mange høve sjå freistande ut, men her skal ein vera bevisst på at det er bratt nok til at det kan gå snøskred. 

Vidare kan ein velje å gå over Svellnose, eller «rundt» på høgre side. Etter dette reiser Keilhaus topp seg (2355 moh). Her stig det bratt opp ryggen, men på same måte er det fint å gå med fine snøforhold, og noko meir utsatt ved hardt snødekke og is. På toppen vil du for fyrste gong på turen få auge på toppen av Galdhøpiggen (2469 moh) og «Piggehytta». Då gjenstår det å ta seg 30 høgdemeter ned før det er jamn stigning i slakt terreng opp mot toppen.

Nedkøyring same veg som du kom opp, eller alternativt over Piggbrean, Styggebrean eller Svellnosbrean. Hugs breutstyr! 

Del av Høgruta i Jotunheimen: Turen frå Spiterstulen til Leirvassbu via Galdhøpiggen utgjer dag 4 på Høgruta i Jotunheimen. 

 

 

Kart

Veibeskrivelse

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no