For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.
Du har kanskje vore på Galdhøpiggen, men har du køyrt ned frå Norges høgaste fjell på ski? Om vinteren kan du ha Noreg sitt tak heilt for deg sjøl, om du spenner på deg skia og er klar for å gå litt i oppoverbakke.
Å stå på toppen av Galdhøpiggen midtvinters er ei unik oppleving, med utsikt over kvite toppar så langt du kan sjå. Med sine 2.469 moh er denne toppen, sammen med Besseggen, Jotunheimen sitt mest populære turmål.
Beste utgangspunkt: Juvasshytta (når vegen er ope heilt opp) eller Raubergstulen turisthytte
Antall høgdemeter totalt: Ca. 1469 meter, totalt 1500 høgdemeter og 15 km.
Turlengde: 11 – 13 timar tur-retur
Ver obs på: Kan vere isete og glatt opp "Piggeura" - vurder stegjern og isøks.
Utstyr: Fjellski eller normalt toppturutstyr + isøks, stegjern. Bre- og sikringsutstyr må vurderast.
Anbefalt skiutstyr: Fjellski eller randonne
Vanskelighetsvurdering:
Opp: Krevjande
Ned: Krevjande
Vegval: Rett opp frå Raubergstulen til Juvasshytta, og deretter krysse Styggebrean i retning Galdhøpiggen.
Brattaste parti: Under 30 grader.
Turen startar ved Raubergstulen turisthytte (1000 m.o.h.) sidan vegen opp til Juvasshytta ikkje er brøytt midt på vinteren. Ein kan anten gå langs vegen eller følgje sommarrute (scooterspor) opp til Juvasshytta, som ligg 1850 meter over havet. Frå her følgjer ein sommarruta mot toppen ved å krysse Styggebrean. Det kan vere isete og glatt opp sjølve piggeura, og difor lurt å ha med stegjern og evt. isøks. Her fester ein skia på sekken. Siste delen mot toppen er det mogleg å ta på seg skia att.
Nedkøyring er best same veg som du kom opp. Ver obs på brefall på "ski høgre" for piggeura.
TIPS!
Sett av god tid til turen og hugs å starte tidleg for å ha dagljos på veg ned att. Ta med hovudlykt i tilfelle det blir mørkt.
Les meir: Ny trend i fjellet - nå startar topptursesongen i januar
Se reportasje fra NRK: Vintertur til Noregs tak - Galdhøpiggen
* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.