For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.
Vakre Nordigard Ramstad ligg i Solsida i Skjåk - og har gardsbutikk og kafé i "Ramstadbue".
Mellom historiske tømmerveggar midt på gardstunet finn du Ramstadbue - liten utanpå, men utruleg innhaldsrik når du trår over dørstokken.
Her finn du både autentisk landhandel, stemningsfull gardspub, historisk kafé og sjarmerande selskapslokale nøye dandert på eitt brett. Landhandelen er ei lita tidsreise i seg sjølv, med interiør og inventar frå ei svunnen tid.
Ei salig stund med Gudbrandsdalskaku på tallerkenen? Frukost med ferske gudbrandsdalsegg? Selskap med familie, vener eller bedrifta? Menyen finn du nedanfor her - vi serverer gjerne ei oppleving for minneboka og magemålet!