For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.
Kjende scener i filmen TROLL var spelt inn i Jotunheimen. Visste du at sjølve trollet vakna til liv i ein fjellvegg på Sognefjellet i Lom kommune?
Den norske filmen «Troll» vart lansert på Netflix i desember 2022 og er tidenes mest sette ikkje-engelskspråklege film på Netflix nokon sinne. Mange av scenene i filmen er altså spelt inn i Bøverdalen i Lom kommune.Den ikoniske scena der sjølve Trollet vaknar til liv, er spelt i inn i Breiseterdalen, like ved Krossbu turisthytte langs Sognefjellsvegen. Huset som blir knust av trollet vart satt opp i Flåklypa i Bøverdalen i Lom, og den vesle hytta i filmen ligg på Valdresflye.
- I desse scenene er ikkje berre omgjevnadene ei kulisse, men speler ei eiga rolle i filmen. Regissør Roar Uthaug fortalte meg at fjella i Jotunheimen inspirerte ham i val av både fargar og tekstur, når han utvikla "looken" på trollet i filmen, seier filmkommisjonær Hanne Larsen i Østnorsk Filmkommisjon.
I filmen vekkes eit troll til live på Dovrefjell og startar den lange turen nedover heile Gudbrandsdalen mot hovudstaden Oslo. Totalt har 223 millionar Netflix-abonnenter moglegheit til å sjå den den spektakulære norske naturen langs trollets veg sørover i landet.
Nominert til beste filmlokasjon:
Hausten 2023 vart Jotunheimen nominert som ein av fem finalistar til å vinne pris for beste europeiske filmlokasjon. Det var scener frå Netflix-suksessen «Troll», som er spilt inn i Jotunheimen i Lom kommune, som var nominert. Nettverket av europeiske filmkommisjonærer (EUFCN) står bak den europeiske locationprisen som blir delt ut under den prestisjefylte filmfestivalen i Berlin i februar i 2024. Tidlegare same år var Troll òg nominert i kategorien «Outstanding locations» under The Location Managers Guild International Awards (LMGI) i California.
Godt mottatt i Lom
Filmen er produsert for Netflix av Motion Blur, ved produsentene Espen Horn og Kristian Sinkerud. Regissør er Roar Uthaug.
Regissør Roar Uthaug og produsent Espen Horn roste både lokalbefolkninga og naturen i Gudbrandsdalen under premiera i desember 2022.
– Vi kom til flott natur, høge toppar og djupe daler, og vi kom til flotte folk. Det er mange herfra som har hjulpet oss, så det er fint for oss å kome hit for å gje noko attende, sa dei to.
Dette er det største filmprosjektet som er laga i Skandinavia nokon sinne. Det kule er at mange av scenene er spelt inn i Lom – og inspirasjonen til sjølve trollet fant regissøren i Bøverdalen! «Bøverdalstrollet» er herved eit verdsfenomen! Fredag 2.desember 2022 vart storfilmen synt fram eksklusivt på kinolerret i Lom – og Mari i Visit Jotunheimen fekk ein trolsk prat med regissør Roar Uthaug og produsent Espen Horn.
Sjå intervjuet under
De fortel at heile filmteamet vart godt mottatt i Lom.
– Vi fekk inntrykk av at heile lokalsamfunnet tok oss godt imot, seier Uthaug.
På det meste var filmteamet på 250 personar i Bøverdalen og Lom under innspelinga. På Hunderfossen familiepark var det nesten 500 statister til ein av dei mest intense scenene i filmen.
© Visit Jotunheimen. Copyright