For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.
Lom stavkyrkje er ei av dei største stavkyrkjene i Noreg. Ho er bygd i tre og blei oppførd rundt år 1158. Kyrkja har korsplan og 350 sitjeplassar. Kyrkja har vernestatus freda og er nytta som hovudkyrkja i Lom.
Tre middelalderportalar med utskjeringar er heilt eller delvis bevart. I kyrkja finn du mellom anna ei stor samling av måleri frå 1700-talet. Kyrkja er framleis i bruk som hovudkyrkje i Lom. Den eldste delen er bygd i romansk stil.
Ope for publikum:
Lom stavkyrkje er open kvar dag i sommarsesongen.
Ei omvising i Lom stavkyrkje er fint å kombinere med kaffe- eller lunsjstopp i Lom. Det er lagt godt til rette med oppmerka parkeringsplassar for bussar på Kyrkjevollen rett fram for kyrkja, og offentlege toalett er tilgjengeleg like ved. Vi har alltid omvisarar på vakt som snakkar minst norsk og engelsk. Får vi bestilling på førehand, kan vi skaffe omvisarar på tysk, fransk og spansk. I tillegg har vi skriftleg informasjon på 15 ulike språk.
Stengt ved kyrkjelege handlingar.
Historie:
Den eldste bygningshistoria til Lom stavkyrkje er ikkje klarlagd. Truleg er det snakk om fleire fasar. Årringsprøver viser at det vart hogd tømmer til kyrkja vinteren 1157/58 og også etter dette. På 1600-talet vart kyrkja bygd på, fyrst med tilbygg på skipet, så med krossarmar og sakristi. Byggmeister Werner Olsen sto for arbeidet.
I 1634 vart kyrkja bygd på mot vest og i 1663 med krossarmane i reisverk mot nord og sør. Tårnet vart reist samstundes med krossarmane. Det meste av inventaret skriv seg frå 1700-talet. Treskjeraren Jakop Sæterdalen er meister for korbogen og preikestolen. Av målarstykke har Lomskyrkja ei samling som skal vere den største i sitt slag i nokor norsk kyrkje.
Lomskyrkja er ei av dei største stavkyrkjene i landet, vigd til Heilag-Olav, jomfru Maria og døyparen Johannes. Årringsdateringar av eldste byggjetømmeret fortel at kyrkja truleg vart reist i 1158/-59. Lomskyrkja var i mellomalderen hovudkyrkje for Nord-Gudbrandsdalen og derfor bygd ekstra stor. Lom var viktig stasjon for pilegrimar på veg til Nidaros. Eldste delane er det rektangulære skipet og det smalare koret. Påbygg i 1634 og sideskip i 1663. Stor samling måleri av Eggert Munch og treskjerararbeid – korboge og preikestol - av Jakop Sæterdalen, frå 1793.
Ved arkeologiske utgravingar 1973 vart det gjort mange interessante funn; bl.a. over 2.000 mynter og eit runebrev.
Voksne: NOK 100
Grupper: NOK 80
Honnør/Student: NOK 60
Barn (7-15 år): NOK 40