For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.
Lom bygdamuseum ligg i Presthaugen i Lom sentrum, og består av 26 antikvariske bygningar frå ca. 1650-1940, og truleg Noreg sitt største stabbur.
Lom bygdamuseum - Presthaugen ligg rett ved Norsk fjellsenter og i gangavstand frå Lom stavkyrkje. Her kan du vandre i det fredfulle skogsområdet blant tømmerhus frå 1600-,1700- og 1800-talet, og få eit levande bilete av byggjekunst og byggjeskikk på ein storgard, livsvilkåra på ein husmannsplass og tilvære på setra på denne tida.
Storstabburet og utstillinga "Vatn og korn":
I Storstabburet, eit gammalt kornmagasin frå ca. 1650, kan du sjå utstillinga "Vatn og korn". Utstillinga viser korleis Lom, Norges mest nedbørsfattige område, vart ei fruktbar kornbygd på 18- og 1900-talet. I utstillinga kan du i tillegg sjå en nyredigert dokumentarfilm frå 60-talet om korleis det unike kanaliserings- og irrigasjonssystemet i bygda gjorde dette mogleg.
Tilrettelagt turområde
Presthaugen har fått ny gangstig og belysning, slik at det no er tilpassa både rullestol og barnevogn.