Isklatring i Jotunheimen
61212990
For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.
61212990
Gira på å klatre i is? Jotunheimen, med sine stabile vintere, er dessutan eit bra område for isklatring.
Isen er tryggare enn du kanskje trur!
Is av god kvalitet er som betong, så dette er heilt trygt, seier tindevegleder Sondre Kvambekk i aktivitetsfirmaet 500fjell. I videoen kan du sjå korleis det går føre seg når han har med seg ein gjeng med fyrstegongs-isklatrarar innover elva Veo i Sjodalen for å utforske nye naturelement.
Kombinasjonen av vatn i frosen form, stegjern på føtene, isøkser i henda og tau som livreddande element lokkar fort fram ei enorm meistringskjensle og breie smil! Isklatring er ein spektakulær aktivitet som alle kan teste, ved hjelp av ein guide på laget, og som funkar uansett snømengde elles i fjellet. Jotunheimen, men sine stabile vintere, er dessutan eit bra område for isklatring.
Isklatreførar Jotunheimen fjellsportklubb:
Norge er faktisk internasjonalt kjent for sin isklatring. I Gudbrandsdalen er det fleire fine fossar å klatre i. Ein av dei meir kjente er Jukulkula i Gudbrandsdalen. Denne lange klassikaren ligg omlag 12 km frå Otta i retning Lom, i Vågå kommune. Du ser den ganske tydeleg frå vegen, Rv.15 når du køyrer innover Ottadalen. Dette fossen gir 5-6 taulengder med klatring på grad WI4. Den brattaste taulengda er på slutten. Returen går ned via trær. Sesong frå november til slutten av mars. Linja ligg sydvent og får på gode solskinndagar eit sluchlag som er suverent å klatre på.
Kjør ca 12-13 km fra Otta i retning Vågå/Lom. Anmarsj opp lia ca 30 min Les meir her!
Bisberget: Rett opp frå Bismo, på norsida dalen, i Skjåk ligg Bisberget. Her dannast det av og til ei fin islinje på to taulengder, ei intro og ei bratt. Litt baskete anmarsj.
Smørgrove: På veg frå Garmo gjennom Vårdalen kan ein bli var ei line høgt oppe i sørsida, Smørgrove. To lange taulengder, der første lengda er slak medan den andre er bratt og ofte med vindpåvirka is. Retur på bjørketrær (sjekk trea nøye!)
Gerdingsåa: Ein bekk som går i eit trangt gjel i Garmo med fine opptak. Starten på gjelet sjåast godt frå Kvila Det er ein del crux i bekken som gjer dette gjelet til ein klassiker. Cruxa består i å passere opne høler på tynn is som best ein kan, gjerne med litt drytooling. Siste hølen frys sjeldan, og det er fleire som har fått ein ufrivilljug dukkert her. Etter denne hølen er det berre å beine til toppen, tørr eller blaut. Retur anten i skogen på vestsida gjelet, eller å gå mot Kleppdalsvegen og følgje denne ned til bygda. Om ein ikkje kjem gjennom den siste hølen, er det muleg å returnere temmeleg trygt same vegen ein kom.
Flå eller Flåklypa: Mest kjent frå filmen Flåklypa Grand Pris. Det ligg ca. 10 kilometer frå Lom, straks ein har passert Flåklypa. På austsida hovuddalføret vil ein sjå mange liner av ulik brattleik og lengde. Området høver fint både for nybegynnarar og for litt vidarekommande.
Sjå meir i isklatreføraren frå Jotunheimen fjellsportklubb her!