For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.
Tenk deg ei helg full av lukt, smak, oppleving og inntrykk. Fylle opp med kunnskap om mat og matkultur om dagen, slappe av med god mat og drikke om kvelden. Slik kan det vera på matkurs på Fossheim.
Vi held kurs for grupper. Fossheimkjøkenet har lang erfaring som kursstad. Vi er stolte av faget vårt og formidlar kunnskapen på ein framifrå måte. Fossheim har også eit spennande utvalg av vinar. Hotellvert Svein Garmo er Fossheim sin eigen vinelskar og sjølvlært vinspesialist med stor omsorg for vinkjellaren sin. Svein held gjerne vinsmaking/vinkurs. Fossheim skreddarsyr gjerne kurs og aktivitetar for små og store grupper. Velkomen til matglade dagar på Fossheim!