Bøverdalen Veksthågå
TypeLokal mat
+47 48230428
For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.
+47 48230428
Bøverdalen Veksthågå er ein liten markedshage mellom fjella i Lom som dyrkar kortreiste og usprøytte grønsaker. Grønsakene blir seld direkte til kundar lokalt. Råvarene solgt gjennom sjølvbetjeningsbu i Lom sentrum og via lokalmatbutikken Smak i Lom, forøvrig leverer Veksthågån til lokale bedrifter og restauranter.
Markedshagen blei starta opp og hadde sitt fyrste produksjonsår i 2022. På same areal som markedshagen har det vore dreve kjøkenhage gjennom fleire generasjoner, både til sjølvberging og til salg. Markedshagen blir dreve av Ingvild Visdal Aukrust, som er oppvakse på garden kor hagen befinn seg, Sygard Aukrust.
Produkt:
Bøverdalen Veksthågå dyrkar grønsaker på friland og aler opp alle plantene sjølve. Målet er å levere lokale råvarer av høg kvalitet, og ikkje minst bidra til å auke lokal matproduksjon. Å dyrke mange ulike sorter er ein del av det å drive markedshage. Noko av det som blir dyrka er sukkererter, salat, gulrot, kålrot, blomkål, squash og lauk, samt mykje meir!
Bøverdalen Veksthågå nyttar ikkje sprøytemidlar og kunstgjødsel på grønsakene sine, og nyttar i all hovudsak norskproduserte frø, og aler opp småplanter sjølve.
Sjølvbetjeningsbu:
Om sommaren kan du handle ferske grønsaker gjennom sjølvbetjeningsbu på faste opningsdager. Vi har ei sjølvbetjeningsbu lokalisert i oppkjøringa til vegen der markedshagen ligg (Kvålsvegen 12, 2686 Lom), samt i Lom sentrum, på baksida av Milano i Lom, ned mot Bakeriet.