Reglar for bruk av drone, i og utanfor nasjonalpark.
Skal du feriere i Noreg og skal ha med deg drone for å ta bilete eller video med? Da ynskjer Luftfartstilsynet at du set deg inn i reglane for korleis ein nyttar drone på ein mest mogleg omsynsfull og sikker måte. Her finn du dei fem viktigaste reglane for flyging med hobbydrone.
Meir info her: https://luftfartstilsynet.no/dronelek
og her: www.safetofly.no
Bruk av drone er forbode både i Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde.
Delar av verneområdet har særleg sårbar natur, medan andre delar er særleg viktige friluftsområde. Sidan forskrifta* ikkje har spesielle reglar for unntak, er det strenge reglar for å få dispensasjon til å bruke drone. Produksjon av naturfilm og naturinformasjon har tidlegare fått løyve til bruk av helikopter til filming, delvis også filming av området til destinasjonsfilming for marknadsføring av reiselivet. I slike tilfelle kan bruk av drone ha mindre påverknad enn alternativet med helikopter. Men filming med drone til privat bruk, dokumentering av aktivitet, marknadsføring av einskildaktivitetar og bedrifter mm., ønskjer ikkje nasjonalparkstyret å opne opp for i verneområda.
*Verneforskrifta for Jotunheimen nasjonalpark, § 3 pkt. 7.2 om støy har forbod mot bruk av «modellfly og liknande» i nasjonalparken. Det er rimeleg å tolke at «og liknande» omfattar dronar. Det er ikkje spesifisert unntaksregel for denne typen tiltak, og ein søknad om dispensasjon krev da behandling etter den generelle dispensasjonsheimelen i § 4, dvs. vurdering etter naturmangfaldlova § 48.
Meir info: Ikkje lov å bruke drone | Nasjonalparkstyret