Reiselivet er ei viktig næring for Lom og lokalbefolkninga, for utan turistane hadde vi truleg berre hatt ein brøkdel av tilboda vi har her i dag. På same tid er lokalbefolkninga viktig for reiselivet, og det er difor viktig for oss å ta omsyn til lokalbefolkninga når vi utvikler reiselivet for framtida. Vi vil leggje til rette for ei så god utvikling som råd, både for lokalbefolkninga, næringa og gjestane, slik at Lom i tillegg til å vere ein god stad å besøkje, skal vere ein god stad å bu, jobbe og leve – både i og utanom hovudsesong.
Ein god stad å besøkje og ein god stad å bu
Gjennom vårt arbeid med berekraftig reisemål, skal vi kvart 3. år gjennomføre innbyggjarundersøking blant lokalbefolkninga i Lom. Gjennom sist undersøking, gjennomført hausten 2023, kartla vi at heile 85% av lokalbefolkninga er positive til reiselivet i Lom. Vi såg òg at mykje av det reiselivet tilbyr kjem lokalbefolkninga til gode. Det er vi glade for!
Her er tilboda lokalbefolkninga nyttar seg aller mest av:
86% – Serveringsstader på Fossbergom
65% – Presthaugen
58% – Arrangement, t.d. konsertar, kurs, festivalar, marknader, martna m.m.
54% – Serveringsstader utanom Fossbergom
51% – Merka turar i fjellet sommar
49% – Merka turar frå sentrum
41% – Lom stavkyrkje
38% – Norsk Fjellsenter
35% – Stikka løyper i fjellet vinter
28% – Fossheim steinsenter
28% – Tilrettelagte gratistilbod, t.d. leikeplass, trampoliner, gratistippen m.m.
27% – Aktivitetar, t.d. Klatrepark, aktivitetspark, zipline
20% – Visit Jotunheimen
Vi tek til oss alle innspel vi får, og vil ta på alvor det dykk er mindre tilfredse med. Problem kring trafikkaos, parkering, bubilar, villcamping, forsøpling og lite aktivitet utanom sesong, er alle innspel vi har fått frå lokalbefolkninga, og som vi vidare har inkludert i reisemålsstrategien vår. Tiltaksplanen i denne skal reviderast kvart haust saman med reisemålsleiinga i Lom.
Les heile undersøkinga her: Innbyggjarundersøking Lom – 2023
Tusen takk til lokalbefolkninga, for samarbeid, innspel og engasjement!